Eg er forfattar av nokre bøker, vestlending busett i Oslo saman med familien min, og her skriv eg ei slags dagbok i kort format. Ideelt sett vil eg skriva fritt ut frå eigne interesser på ein tilgjengeleg måte. Det skal vera eit heilt enkelt overskotsprosjekt utan uttalte forpliktingar overfor eventuelle lesarar.
Er det ein slags litterær verkstad? Eigentleg ikkje, men kanskje ei prosaisk skytje der eg spikkar nokre små figurar når eg treng å lufta meg.
Her har eg dessutan sjølv kontroll over plattformen, i motsetnad til andre stader eg har skrive småtekstar opp gjennom åra, der ein aldri veit kva slags folk ein endar opp med å hjelpa med å tena pengar.