Sjå seg sjølv utanfrå

Eg kan verta flau når eg les noko eg har skrive, anten det var i går eller for fleire år sidan. Eg les det når eg er i eit anna humør, når eg har tenkt andre tankar, og då verkar det dumt.

Det er annleis når det er ein tekst som ein har arbeidd med over lang tid, som i ei bok. Då har ein lese det same mange gonger på ulike dagar medan ein har vore i mange ulike sinnsstemningar. Anten har ein fjerna kjelda til slike kjensler, eller så vert ein ikkje lenger overraska av teksten. Kanskje er det betre, men kanskje går også noko tapt.

Ingmar Bergman sa at han ikkje orka å sjå sine eigne filmar fordi det var pinleg, og at han såg så mange ting som var feil. Er det overdriven sjølvkritikk, eller er det noko i det? Ein veit ikkje kva andre legg merke til. Det er ikkje sikkert dei veit det sjølve, og dermed kan det heller ikkje formidlast.

Den same kjensla melder seg når ein vert flau av seg sjølv i andre samanhengar. Noko ein har gjort eller sagt går i smerteleg reprise for det indre auga. Eller så kan ein sjå seg sjølv på video, høyra seg sjølv snakka, sjå sine eigne fakter utanfrå og tenkja «Kven er denne klovnen? Er det slik det ser ut for andre?». Her har ein gått omkring og trudd at ein visste kven ein var, og så syner det heile seg å ha vore ein illusjon. Ein snur seg vekk i skam.

Comments

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *