Kva fascisme er

Når nokon kjenner trong til å nekta for at noko er fascisme, så er det i seg sjølv eit teikn på at det er fascisme.

Definisjonar på fascisme inneheld ulike kombinasjonar av fascistiske element. Alle er ikkje einige om kvar grensa går, overgangane er glidande, og denne uvissa er noko fascismen nyttar seg av.

Det er verre å nekta for at fascisme er fascisme enn å feilaktig kalla noko for fascisme. Gjer ein det fyrste, hjelper ein fascistane. Gjer ein det andre, vert ein i verste fall ikkje teken på alvor. Og dersom ein likevel skulle verta teken på alvor, så ville det tyda at det var noko i det.

Comments

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *