Innvendingar

Stundom kan eg skriva ein tekst der eg påstår noko og deretter skriv om nærliggjande innvendingar. Men av og til vil eg heller lata lesaren finna dei sjølv. Dersom teksten alltid skal ta høgd for tenkjelege innvendingar, så kan det verka som om han berre gjer det fordi forfattaren er så forfengeleg at han ikkje greier å lata vera å syna lesaren at han faktisk allereie har tenkt på dette poenget.

Dessutan skapar ein slik tekst i mindre grad ein indre dialog i lesaren, og påpeikinga av innvendingar kan gjera at teksten misser trykk. Nokre påstandar kan med overlegg vera overdrivne, spissformulerte, laga for å provosera fram ein kontrasterande tanke hjå lesaren, altså indirekte alvorleg meint. I slike tilfelle vil det sjølvsagt vera kontraproduktivt å peika på innvendingar.

Når ein står fritt, bør ein leggja frå seg konvensjonar frå sjangrar som har forpliktingar overfor ein bestemt agenda eller redaksjon. Også som lesar, for om lesaren tek med seg slike lesevaner, kan det lugga. Kanskje må ein leggja litt velvilje i å lesa seg inn i sjangeren, men det tek gjerne kortare tid enn ein trur.

Comments

Eitt svar til “Innvendingar”

  1. […] å vera at det ein skriv helst skal vera ferdig tenkt og uangripeleg, at det skal ta høgd for alle innvendingar. På andre område kan eit slikt ideal stå i vegen, både for skrivaren og […]

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *