I nokre samanhengar synest idealet å vera at det ein skriv helst skal vera ferdig tenkt og uangripeleg, at det skal ta høgd for alle innvendingar. På andre område kan eit slikt ideal stå i vegen, både for skrivaren og lesaren.
Ein tekst kan bomma på målet med overlegg, for heller å sirkla det inn, slik ramnar i lufta peikar mot åtselet på bakken.
Det som skal sirklast inn kan vera noko som tek skade av å seiast direkte, ein tanke, ei kjensle eller inntrykk som ein påverkar for mykje ved direkte kontakt, slik det er i fysikken når dei minste partiklane skal påvisast, og ein ikkje kan gjera det utan å forstyrra dei.
«Om det ein ikkje kan tala, må ein tia», skriv Wittgenstein. Noko kan ikkje formulerast og formidlast, men språket er omtrentleg, all skriving er ei form for innsirkling, om ikkje ein halvsirkel mot yttergrensa.
Legg att eit svar