Eg trong å lufta meg og skulle gå ein tur, men ikkje springa eller noko slikt, og ikkje ein lang tur til nokon spesiell stad, men ein tur i nærområdet, så eg tok med meg kameraet, for det kunne henda at eg fann noko som var verd å fotografera. Det gjorde eg ikkje. Men det er ikkje bortkasta å ha kameraet likevel. Eg nyttar blikket annleis når eg har det med. Ser nøyare på ting.
Ein gong på nittitalet då eg var midt i tenåra og skulle på skulen, såg eg ein fantastisk soloppgang. Då tenkte eg at eg burde hatt eit lite kamera, eit som eg kunne ha i lomma heile tida, men det hadde eg ikkje.
Der og då kjendest det som om eg såg noko som var verd å fotografera, men det hadde nok vorte eit keisamt bilete.
No går alle med eit lite kamera i lomma, og me har aldri teke så mange keisame bilete. Mitt bidrag er å ha med meg eit stort kamera utan å fotografera noko som helst.
Legg att eit svar