Trong til å springa

For ei tid sidan møtte eg ein nabo som hadde det travelt. Han skunda seg slik at han nesten slo over i løpetakt, men beherska seg. Altså skunda han seg langsamt. Me rakk berre veksla nokre få ord om situasjonen, for han kunne ikkje stoppa.

Når ein er barn, spring ein heilt ukritisk, av rein iver. Ein let seg riva med. Skal me springa som vaksne vil mange av oss helst gjera det som ein eigen aktivitet med tilhøyrande antrekk, om ein då ikkje berre skal springa nokre meter til bussen. Då er det greitt nok, for alle kan sjå kva som går føre seg; det er ein velkjend situasjon.

Er ein derimot seint ute til eit møte eller liknande, slik som naboen min, kan det for somme av oss brått vera høg terskel for å springa. Det kan kjennast som om ein bryt ein eller annan sosial kode.

I løpet av oppveksten sluttar ein å springa heilt ukritisk. Det har å gjera med kjensla av at andre ser det. Eg kan hugsa at eg sjølv frå den alderen då eg hadde slutta å springa av rein iver, og fram til vaksen alder, innimellom kunne kjenna hug til å springa, til dømes dersom eg var ute og gjekk, på veg heim om kvelden.

Då kunne eg brått kjenna dette, at det liksom kribla i beina. Til slutt kunne eg ikkje stå imot, og kvifor skulle eg det, eigentleg? Det tenkte eg desse gongane. Kvifor skulle eg ikkje berre springa viss eg ville det? Så eg sprang. Men så kom det ein bil, eller så gjekk det einkvan annan langs vegen, og då slutta eg, men kvifor? Kva var eg redd for? At andre folk skulle tru eg var galen? Og kva så, om dei trudde det? Det fekk dei då berre tru. Det vart ikkje sant av den grunn.

Eg såg det rasjonelle, men likevel hemma denne kjensla meg, i alle fall den gongen. Det var jo det som var den eigentlege galskapen.

Comments

Eitt svar til “Trong til å springa”

  1. […] kjenner eit visst tvisyn kring det å springa. I vaksen alder har eg byrja med det ved eit par høve, for å halda meg i form, men gjeve det opp […]

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *