Tempo 3

Av ein eller annan grunn har eg alltid problematisert musikk for meg sjølv, særleg populærmusikk, men ikkje utelukkande. Det handlar det gjerne om at det er svært mykje musikk som eg ikkje forstår vitsen med, som vert framand, fordi det er noko anna eg ser etter i musikk.

Men i løpet av tenåra fekk eg augo opp for langsam musikk. Det kan henda dette tok til då eg i barneskulealder såg ein dokumentar om Fartein Valen på NRK, der dei mellom anna spelte noko frå Kyrkjegarden ved havet, som var illustrert med bilete frå nettopp ein slik stad. Eg visste ikkje at det fanst sånn musikk, eller kvar eg kunne få tak i han, men den gjorde varig inntrykk. «Vanleg» musikk var berre kulissar. Dette hadde kraft.

Rundt slutten av tenåra lytta eg til eit musikkprogram på P2 seint på kvelden der dei tilfeldigvis spelte musikken til Joep Franssens, som eg vart fullstendig fjetra av. Det kjendest som den mest langsame musikken eg hadde høyrt, men likevel så kontinuerleg interessant. Innspelinga, som heitte Phasing, skaffa eg meg på CD så snart som råd.

Kring midten av tjueåra kom eg over eit stykke som inneheld nokre brå, uventa «rop», som verkeleg skaka eit eller anna djupt i meg. Dette høyrte eg på mange gonger, og eg har hatt lyst til å høyra det igjen i mange år, men eg har mist kontrollen på kva det var. Eg trur det var eit stykke av Morton Feldman, men det kan også vera av andre tilsvarande komponistar i landskapet frå Feldman til Louis Andriessen. Førebels har eg ikkje greidd å finna det att.

Comments

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *