Eg kjenner eit visst tvisyn kring det å springa. I vaksen alder har eg byrja med det ved eit par høve, for å halda meg i form, men gjeve det opp til fordel for sykling, for det meste i terreng og på grusveg. Av ein eller annan grunn likar eg å sykla i lange oppoverbakkar, og det gjorde eg mykje då eg budde i Bergen, men om vinteren er det verre med slik sykling, ikkje minst her i Oslo, der vinteren er lengre og kaldare. Folk går heller på ski. Det er greitt nok, men den klønete transportetappen frå indre by til skiløypene stoppar meg. Difor vert det gjerne springing.
Eg har likevel sett på dei som spring omkring inne i byen som ein annan sort folk som eg ikkje har føresetnader for å forstå. Dei lever i ei verd der det å springa i kvardagsklede fordi ein skal ein stad er underleg, medan å springa i spesielle klede utan å skulla nokon stad er normalt. Ingen menn går i tights som kvardagsklede, men straks ein skal springa, er ikkje dette plagget noko å skjemmast over. Desse kodane har gjerne framstått som vilkårlege for meg, men sjølvsagt finst det grunnar til at dei er slik. Det veit eg jo også fordi eg lenge har vore ein av dei, sjølv om eg rett nok ikkje nyttar tights.
Ein av tinga eg pla lura på var kvifor springarane alltid sprang så seint. Det måtte då vera meir effektivt å springa fort og bli ferdig med det. Ein av styrkane til springing som treningsform er trass alt at det gir god verknad på kort tid. Det hadde eg nok også rett i på eit vis, men grunnane til at folk spring mykje langsamt er samansette, og heng saman med kondisjonering, skaderisiko og motivasjon. Dessutan spring ein gjerne langsamt svært lenge, og fort svært kort, ofte på bane, slik at ein stort sett berre observerer folk i byen når dei spring langsamt.
Eg tenkte dessutan at det måtte vera moro å springa fort og keisamt å springa langsamt, men dersom ein skal tyna seg nok til å få skikkeleg effekt, er det også svært ubehageleg å springa fort, noko eg i grunnen burde ha hugsa frå då eg sprang stafettar som barn og alltid kjende meg forferdeleg på grunn av nervøsitet og utmatting. Eg kunne vera så nervøs at eg vart kvalm av det allereie før eg starta. I dag kjennest det underleg, men det er også lenga sidan eg tok slike konkurransar på alvor.
Vidare har eg funne ut at når ein fyrst har byrja å springa jamleg, så er ein nesten nøydd til å halda fram, elles kjem ein til å missa noko som det er tungt og tidkrevjande å byggja opp att. Slik kjennest det ikkje med sykling. Der treng eg berre nokre få turar, og så er eg attende der eg slapp.
Legg att eit svar