Flau i uniform

Frå fyrstegongstenesta kan eg hugsa at eg ikkje likte å gå i uniform utanfor teneste, men det måtte me gjera om me skulle få den beste rabatten på offentleg transport. Nokre sa det var fordi permuniformen til Garden var så teit og gammaldags, men for meg var det nok mest kjensla av å stikka seg ut som eit element av eit rigid system og å ikkje berre vera kven som helst. Jo nærmare heimstaden eg kom, jo verre kjendest det. Om eg hadde teke Bergensbanen vestover (64 kroner med rabatt ), skifta eg gjerne til sivil på Bystasjonen, før eg tok bussen vidare med dårlegare rabatt, for det var så behageleg å reisa i sivil.

I Heimevernet kjenner eg på det same. Eg reiser til og frå øving med offentleg transport, og må då ha uniform og mykje bagasje. Samstundes har eg ei kjensle av at dei aller fleste køyrer bil, difor er det ikkje så mange andre som er ute, og ein kjenner seg litt åleine og beglodd.

Nokre gonger har me hatt øvingar der me er i byen, og mange er då redde for at dei skal møta nokon dei kjenner medan dei står der med uniform og automatrifle. Den einaste gongen dette har skjedd meg, var i grunnen ei positiv oppleving, men likevel kan det nok vera ei skamkjensle der. Ein kjenner på elementet av tvang og ufridom, og kontrasten til den andre.

I Heimevernet har dei ein såkalla uniform på jobben-dag, der dei oppmodar soldatane til å gå på den sivile jobben sin i uniform. Det har eg aldri møtt nokon som har gjort.

Comments

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *