Det er kanskje opplagt, men mange problem som oppstår i debattar kjem av at folk ikkje er reielege. Dei er eigentleg ikkje interesserte eller nyfikne på temaet. Dei ynskjer berre å ikkje ta feil. Å finna ut kva som er sant eller fornuftig er underordna. Dei fleste vil berre vera den som har rett, eller i det minste sjå ut som om dei har rett. Dermed kan dei enda opp med å forsvara idiotiske standpunkt i frykt for å tapa andlet.
Rett nok finst det reell usemje, og det kan vera noko slikt som ligg til grunn, men det synest å vera meir sjeldan at den reelle usemja er det som kjem til overflata i ein debatt. Det synest dessutan å vera sjeldan at ein verkeleg greier å representera motstandaren sine synspunkt på ein rettvis måte. Fjernsynsdebattar er det verste, men debattar i aviser kan vera like galne.
Legg att eit svar