Inntrykk etter nynorskdagen 2025

Eg vart hanka inn til å halda ein appell på nynorskdagen, som var måndag 12. mai i år, dette fordi det i si tid var eg som foreslo markeringa. Det er elles ikkje mykje eg har gjort i så måte, men ved god frivillig innsats og eit par lukkelege tilfeldigheiter, har dette på få år vorte eit etablert arrangement, som etter mi meining tilfører målsaka positivitet og glede.

Denne måndagen gjekk me i prosesjon eit par kvartal på St. Hanshaugen, frå Nynorsk bokhandel til Vår frelsers gravlund, der Ivar Aasen ligg, medan Romsås Janitsjar spelte That’s The Way (I Like It). Denne kombinasjonen av det høgtidelege og humoristiske skapte både indre og ytre jubel hjå deltakarar og tilskodarar. For eit usannsynleg privilegium det er å få gå i tog på denne måten for eit språk. Ikkje eit demonstrasjonstog, men eit tog som feirar.

Dagen ser jamvel ut til å fungera etter intensjonen, og han har vorte nytta av tenester som Vipps (i fjor) og Ruter-appen (i år) til å lansera nynorske utgåver, og eg trur ikkje dette er ting ein oppnår like lett ved bruk av peikefinger som ved positiv merksemd.

Eg er ikkje noko utprega organisasjonsmenneske, endå eg rett nok har sete i styret til Oslo mållag nokre år, og eg er verkeleg heller ikkje noko særleg på å organisera og arrangera ting, så difor er det nesten fascinerande for meg at folk får ting til å skje på denne måten, men det gjer dei altså, og eg håpar at ting held fram med å utvikla seg i denne retninga.

Comments

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *