Val og motstand

Ein dag tok eg eit val om å ikkje eta kjøt meir. Dette var for seksten år sidan, og det var ikkje fullstendig spontant, men utløyst av ein prosess som hadde gått føre seg ei tid, kanskje i fleire år. Eg hugsar at eg tenkte på det då eg gjekk over Vågsallmenningen i Bergen dagen etter, og kjende meg glad, fri og lett i steget. Tenkte på at eg gjorde noko som var rett både for meg og miljøet, og var nøgd med dette. Lett til sinns og glad.

Det tok ikkje lang tid før valet møtte motstand frå ulike kantar, frå familien og opp til politisk nivå, og det var skuffande. Det kjennest absurd at ein skal møta motstand mot noko som gjer ein glad, men slik er det, og då vert ein mindre glad for det. Eit slikt val er sjølvsagt ikkje noko ein gjer heilt isolert for seg sjølv, det påverkar omgivnadene, og nokre reagerer som om det er meint som provokasjon eller kritikk. Nokre synest å tru at eg er ureflektert og ikkje har tenkt nøye gjennom dette, og så prøver dei å underminera valet mitt ved å presentera ei eller anna innvending som dei sjølve ikkje har tenkt gjennom. Det er liksom ikkje alle som synest det er greitt å ha ulike syn på dette.

Ein kan jamføra med religion, kjønnsidentitet og andre former for praksis som folk utfører fordi det har noko å seia for lukkekjensla deira, så sant det då ikkje er noko som er skadeleg for andre, sjølvsagt. Ein viss fridom til å ta kontroll over tilværet er naudsynt for eit menneske. Ein er då ikkje eigentleg interessert i å diskutera om det er greitt å eksistera som den ein er, men det er eit krav som mange kan møta, i alle fall om dei er ein minoritet. Slik kan eg stundom også oppleva det å vera noko såpass vanleg som nynorskbrukar eller syklist i trafikken. Nokre synest at du ikkje bør vera der. Nokre synest at alle helst bør vera like, og gjera som dei gjer sjølve.

Comments

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *