Eg har i eit år eller to hatt ein gryande fascinasjon for paleokunst, altså bilete av førhistorisk dyreliv, utrydda artar, menneske og menneskeliknande artar, som bileta til den spanske kunstnaren Mauricio Antón eller amerikanske Jay Matternes.
Det er ein teknisk sjanger som legg vekt på vitskapsbasert illustrasjon. Bileta kan stundom verka kunstige ved at det er svært mange dyr av ulike slag på eitt og same bilete, men dette er vanleg også i kunsthistoria, til dømes ved at historiemåleri gjerne ynskjer å fortetta mykje inn i eitt og same bilete. Me er gjerne vane med å sjå realistiske naturfotografi, men dette er grunnleggjande ulikt, og kan på eit vis stundom likna hushaldskitsch, som triste bilete av hestar og liknande, men det er meir fokusert på innleving og fantasi enn sentimentalitet.
Eg interesserer meg for kjensla av å sjå korleis kveldssola kan ha treft ein brachiosaurus for 150 millionar år sidan, eller illusjonen av å få eit slags innsyn i liva til neandertalarane. Dei bileta eg likar best, og gjerne kunne hatt på veggen, er dei som viser noko eg kan leva meg inn i, gjerne eit slettelandskap med ulike landdyr og ein eller annan type menneske, men då artar som ikkje finst i dag. Det kan vel også vera ei form for sentimentalitet overfor det som er borte, men også gjerne eit behov for å røra ved utkanten av det som kan vitast, på grensa til fantasi.
Legg att eit svar