Eg har alltid vore oppteken av humor på film og fjernsyn, og særleg sketsjar. I eit sterkt barndomsminne ser eg ein sketsj på TV, men får ikkje sett slutten fordi eg må gå og legga meg. Sketsjen handlar om nokre forkomne folk som sit i ein livbåt på ope hav og ventar på å bli redda. Etter kvart vert dei desperate etter noko å eta.
Morgonen etter spurde eg dei vaksne om sluttpoenget i sketsjen. Det var at då det endeleg kom ein båt, hadde dei ete armane sine, og greidde dermed ikkje å vinka for å bli redda. Ja, det ville ha vore morosamt å sjå, tenkte eg.
Som barn drøymde eg om å laga og spela i sketsjar. Det er eit elegant format der humoren er meir reindyrka og konsentrert, men det er nok også det vanskelegaste formatet å få til, utan at eg nokon gong har forsøkt, men eg har sett svært få verkeleg gode sketsjar, og nesten alle er engelske.
Legg att eit svar