Det er nokre år sidan det brått gjekk opp for folk flest at ungdommar hadde teke til å synast at det verkar surt å nytta punktum i SMS og direktemeldingar. Anten det, eller så var det altfor «care», altså at ein vert lesen som ukul fordi ein bryr seg for mykje om grammatikk.
Dessutan får eg kjensla av at det verkar surt å ikkje nytta smilefjes, og det skal ikkje vera kva som helst smilefjes, ikkje det vanlege smilefjeset, som kan tolkast som passiv-aggressivt, men det smilefjeset med lukka augo og raude kinn, det er liksom det ekte smilefjeset.
Kvifor er det då ikkje «care» å nytta smilefjes og å bry seg så mykje om å nytta akkurat korrekt smilefjes? Vel, det er fordi du anstrenger deg for å gi mottakaren ei god kjensle (implisitt: ingen får ei god kjensle av korrekt grammatikk).
Ein kan nok vera ein slik som skriv med korrekt teiknsetjing og aldri nyttar smilefjes, men har du fyrst falle uti og nytta smilefjes ein gong, så vil det merkast dersom du ikkje nyttar det neste gong. Det vert som å smila til nokon du møter, og deretter ikkje gjera det lenger.
Vidare verkar det å vera etablert at ein i SMS-språket nyttar sterkare positive ord. Ein kan ikkje berre seia at noko er ok, men ein må seia at det er supert, konge eller heilt glimrande. Det er heller ikkje «care», av same grunn som at smilefjes ikkje er det. Rett nok er det litt «care» å bry seg om kva slags nye normer tenåringar finn på, men det går ikkje an å bry seg så mykje om det som dei gjer sjølve.
Legg att eit svar