Hypotetisk kunnskap

Sveitsiske forskarar lurer på om nokre av gassplanetane i solsystemet vårt, Uranus og Neptun, eigentleg er steinplanetar.

Her trur ein at ein veit noko om verda, og så syner det seg at ein berre ikkje har sjekka kor god empirien eigentleg er. No som dei fyrst stiller dette spørsmålet, tenkjer eg på det eg tidlegare har lese om korleis solsystemet vart til, og det verkar slett ikkje usannsynleg at det finst ein del stein i desse planetane, sidan heile sulamitten kjem frå den same førplanetariske skiva med materie.

Ikkje at det er fyrste gongen det eg trudde var grunnleggande kunnskap vert utfordra, men det interesserer meg korleis vaklevorne hypotesar vert til allmennkunnskap på denne måten.

Comments

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *