Ferdigtygde synspunkt

Ofte kan eg kjenna at ferdigtygde synspunkt i liten grad interesserer meg, men mange har desse, og flaggar dei i tide og utide. Slike synspunkt kan ein ta frå folk ein av ulike grunnar identifiserer seg med, og ein treng ikkje å skaffa seg grunnleggjande kunnskap om kvifor desse synspunkta eventuelt kan vera riktige. Det er heller ikkje sikkert at dei ein tek det frå har denne kunnskapen, men det er i praksis heller ikkje viktig, så lenge ein kan høyra til i den rette gruppa.

Det er lett å hamna i eit landskap der samtale, diskusjon og debatt er vanskeleg å skilja frå einannan.

Korleis får me genuine og verdifulle samtalar, der ein stiller seg saman om ei felles undring, eit ynskje om å nærma seg innsikt kring eit tema? Det skjer nok lettast andlet til andlet, i eit format der ein ikkje aktivt prøver å misforstå kvarandre, men desse situasjonane synest det å verta færre av, medan stadig fleire formar meiningane og samtalestilen sin ut frå ei digital offentlegheit der merksemd er valuta.

Comments

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *