Tyrann

Kunne eg ha vorte ein tyrann? Dersom eg hadde makt lik Vladimir Putin eller ein annan diktator, kunne eg ha gjort same slags ting? Det er ein glidande overgang frå det punktet der ein byrjar å misbruka makt til når det byrjar å verta for seint å angra. Ein vert paranoid, fryktar for livet sitt, kjenner at det er livsviktig å undertrykka fiendar, å triumfera på eit eller anna vis, men for kva?

Med eitt er ein ein gammal mann, fanga i ei rolle som ein ikkje kan gå ut av. Ein har sendt fleire hundre tusen landsmenn og naboar i døden, øydelagd diplomatiske relasjonar for all overskodeleg framtid og gjort seg til hatobjekt for den siviliserte verda. Men for kva? Ein tåpeleg draum, eit forfengeleg sjølvbilete.

Sender du mange nok i døden, vert du ein stor mann i historia. Korleis forstår me at Aleksander den store og Napoleon – to elles lærde og kloke menn – kunne forårsaka så mykje død og liding over private, tåpelege maktambisjonar? Og kor stor del av historia er forma av einskildmenneske med manglande bakkekontakt, med grandiose personlegdomsforstyrringar – folk som nærast er narra til å tru at dei er betre og viktigare enn alle andre?

Å styra eit heilt land som diktator, å ha så mange lagnader i hendene, ville ha tært på samvitet, gjort meg nomen. Ein kan ikkje gjera alle til lags. Ein tek til å forakta dei som aldri er nøgde. Og kva om ein gir frå seg makta, kva om det skal haldast val, kven vil då vinna fram? Einkvan vil sjå sitt snitt til å kuppa makta, heilt sikkert. Nei, det kan ein heller ikkje lata skje. Ein kan ikkje lata grupper væpna seg, ein må halda på kontrollen.

Comments

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *