Elon Musk kjem til å halda fram med å nekta for at han er ein av dei verste massemordarane i historia. Han tek ikkje ansvar for den makta han fekk til å bråstansa livreddande naudhjelp, til å utføra brotsverk mot menneskeheita. Ikkje eingong gav han andre land tid til å mobilisera for å dekka opp så mykje som råd av det som kom til å mangla, men gjorde det på den mest skadelege måten.
Når nokon påstår at han har drepe nokon, vert han sint. Han er ikkje einig. Det er som venta. Alt er som venta. Einskildpersonar som får for mykje makt endar opp med å myrda, og ingen har ansvar for det dei held på med, spesielt ikkje dei sjølve. Kven skal halda Trump og Musk ansvarlege etter at regimet fell? Det spørst kva som kjem etterpå.
Legg att eit svar