Rakhmaninov: Vocalise (Op. 34 nr. 14). Dette er ein song utan ord, berre sungen som ein vokalmelodi. Det er enkelt, klårt og reint, nesten smerteleg vakkert. Eg er vanlegvis ikkje så glad i romantikken, i motsetnad til mange andre, men det finst unntak, særleg når det er slik som dette, stramt og ikkje overlessa.
Rakhmaninov: Dei dødes øy. Dette er eit symfonisk dikt som er inspirert av det kjende motivet Die Toteninsel av målaren Arnold Böcklin. Det opnar mørkt og trugande, ruvande nesten, som ein lekkasje frå det som kjem, akkurat som på biletet, som om ein seglar imot øya.
Händel: Lascia ch’io pianga. Dette er eit stykke som Händel nytta fleire gonger i operasamanheng, men mest kjend frå operaen Rinaldo, og det er ein av dei vakraste ariane eg har høyrt, og eigentleg blant den vakraste musikken eg har høyrt i det heile, sjølv om eg ikkje eigentleg er spesielt glad i opera som format.
Bach: Schäfe können sicher weiden. Dette er eigentleg ein arie frå Jaktkantaten, og eit av favorittstykka mine av Bach, i alle fall i instrumental versjon.