Kategori: Lesing

  • Om å nytta språkmodellar i skriveprosessen

    KI-bøker førekjem i sakprosasjangeren, og vert møtte med kritikk, for kven har eigentleg lyst til å lesa syntetisk tekst på den måten? Kva slags type åndsverk er det dessutan snakk om når formuleringane er baserte på statistisk fundert herming etter kjeldematerialet? Viss det meste av ei bok er syntetisk, kva og kven er det eigentleg som er «forfattaren» og skal eiga rettane?

    Dei som framstiller slikt, gjer verda meir keisam. Dei resirkulerer dei mest typiske og minst oppfinnsame måtane å uttrykka seg på, og dei har me sjølvsagt aldri mangla. Det er ein grunn til at dei er så vanlege.

    Å skriva bok på denne måten, for ein som delvis eller heilt lever av å skriva, er absurd. Ein nyttar eit verktøy som berre gir folk endå ein grunn til å lata vera å lesa bøker. For kvifor skal du kjøpa ei bok når du kan få nett det same ut av ein chatbot? I eit samfunn der evna til å konsentrera seg er under åtak frå alle kantar, kjem ein altså på ideen å gjera tekst i lang form meir svevndyssande. Det er fullstendig hovudlaust.

    Det er «berre» sakprosa, kan ein innvenda, men også sakprosa vert meir engasjerande med litt originalitet og kreative kvalitetar, jamfør skilnaden på slikt som skulebøker og populærvitskap.

    Bruk av syntetisk tekst i dei endå meir kreative sjangrane er, og bør vera, fullstendig uhøyrd. Dersom det likevel skulle finnast ein forsvarleg grunn til å nytta dette kreativt, så får heller den modige kunstnaren som ynskjer å ta den kampen, gjera det. Språkmodell-tekst i seg sjølv er det motsette av kreativitet.

  • Skjønnlitteratur med kunstig intelligens?

    Nokre meiner at generativ kunstig intelligens eignar seg til å skapa skjønnlitteratur. OpenAI har jamvel nett lansert ein språkmodell som skal eigna seg til dette, endå ein språkmodell manglar intensjon, og dermed aldri kan produsera noko anna enn eit meiningstomt skal av noko som liknar på ei historie. Det er likevel kanskje nok til å lura nokre investorar.

    Sidan dagens språkmodellar må gjetta kva ord som mest sannsynleg høver i ein bestemt samanheng, vil dei vera ute av stand til å ta val som faktisk er kreative. Dersom ein skulle introdusera eit element av kreativitet (mindre sannsynlege val), vil dette øydeleggja det som er styrken til modellen, nemleg at ting ved fyrste augekast stort sett ser ut til å henga i hop. «Kreative» val vil resultera i kaos, nettopp grunna mangelen på overordna intensjon. For å «løysa» dette treng ein noko heilt anna enn berre ein språkmodell.

    Eit anna spørsmål er kva som finst av vilje til å lesa slikt, ut over kuriositetsverdien. Det går sjølvsagt an å skapa historier som er personleg tilpassa deg som individ, om du har spesielle ynskje om noko som ikkje finst, men desse vil også ha dei same veikskapane som alle andre KI-historier, som heile tida saboterer seg sjølve gjennom å henga fast i konvensjonar, og dermed berre skapar handling som er meiningslaus. Likevel er det dei same konvensjonane som får det til å likna på historier, så det som er sjølve styrken er også det same som gjer at det ikkje fungerer.

  • Innvendingar

    Stundom kan eg skriva ein tekst der eg påstår noko og deretter skriv om nærliggjande innvendingar. Men av og til vil eg heller lata lesaren finna dei sjølv. Dersom teksten alltid skal ta høgd for tenkjelege innvendingar, så kan det verka som om han berre gjer det fordi forfattaren er så forfengeleg at han ikkje greier å lata vera å syna lesaren at han faktisk allereie har tenkt på dette poenget.

    Dessutan skapar ein slik tekst i mindre grad ein indre dialog i lesaren, og påpeikinga av innvendingar kan gjera at teksten misser trykk. Nokre påstandar kan med overlegg vera overdrivne, spissformulerte, laga for å provosera fram ein kontrasterande tanke hjå lesaren, altså indirekte alvorleg meint. I slike tilfelle vil det sjølvsagt vera kontraproduktivt å peika på innvendingar.

    Når ein står fritt, bør ein leggja frå seg konvensjonar frå sjangrar som har forpliktingar overfor ein bestemt agenda eller redaksjon. Også som lesar, for om lesaren tek med seg slike lesevaner, kan det lugga. Kanskje må ein leggja litt velvilje i å lesa seg inn i sjangeren, men det tek gjerne kortare tid enn ein trur.

  • Godt dårleg og dårleg godt

    Gjennom ulike stadium i eit lesande liv, har eg i seinare år fått meir sans for dårlege bøker. Ikkje kva som helst slags dårlege bøker, då, men visse typar dårlege bøker. Karin Moe skriv ein stad, eg trur det er i Skrifter (2012), om skilnaden på «good bad book» og «bad good book». Litt forenkla sagt er det fyrste eit døme på vellukka, men kunstnarleg lite ambisiøs underhaldningslitteratur, medan det andre er kunstnarleg ambisiøst, men litterært sett mindre vellukka. Det landar i kategorien for spesielt interesserte.

    Ein sjeldan gong er bøker både kunstnarleg ambisiøse og litterært vellukka. Som lesar kan ein gjerne ha ein ide om at ein ideelt sett berre skal lesa slike bøker, men det kan vera krevjande når ein når ein må ta høgd for varierande kvardagssituasjon og tilgjengeleg mental energi. Innimellom er det greitt å ta noko enkelt.

    «Folk flest vil berre ha ei historie til å ta med seg på flyturen», skriv Stephen King i On Writing. Eg kan ikkje gå heilt med på tanken om at ei historie berre er ei historie, men stundom treffer eg på historier som er skrivne på det viset. Eit av kjenneteikna er at dei inneheld lausrivne handlingstrådar som ikkje har nokon annan funksjon enn å halda på merksemda. Når eg støyter på slikt, kjenner eg at eg kastar vekk tida. Slapp og klisjéfylt prosa er i det minste ei ærleg sak. Då kan eg berre slutta å lesa etter fyrste side.