Me orienterer oss på ulike måtar etter eit underliggande moralsk syn kring trening og helse som kjem til syne til dømes gjennom at det å vera i god form er sunt, men viss ein tek snarvegar, som å nyttar dopingmiddel og liknande, er det ikkje sunt. Det er jobben i seg sjølv som gjer det sunt. Å tola ubehag.
Reint faktisk er det sant at mange prestasjonsfremjande medikament har uheldige biverknader. Også dei nye slankesprøytene kan ha det, og desse har også fått ein slags moralsk negativ status, ved at nokre ser det som betre å gå ned i vekt utan å ty til såkalla kunstige hjelpemiddel, endå det likevel kan vera sunt å gå ned i vekt utan å «gjera jobben», som også her i hovudsak består av å tola ubehag, altså svoltkjensle. Sunt, men ikkje sunt nok.
Likeeins er det med mat. Det ein lagar frå botnen vert sett som sunnare enn ferdigmat, og kanskje også restaurantmat, sidan restaurantar ofte kan nytta meir salt og usunt feitt for å heva smaken. Moralsk sett er det betre å laga noko sunt og godt enn noko usunt og endå betre. Det ligg jamvel ein moralsk kvalitet i å tvinga i seg sunne ting som smakar ille, å tola ubehag, eventuelt å nekta seg nyting. Å ikkje gi etter for kortvarige, sanselege gleder.