Kategori: Tilværet

  • Attende etter endå ei heimevernsøving

    Å vera vernepliktig soldat er vanlegvis, sjølv i tider som desse, stort sett ei fredeleg og lite risikabel ulempe. Men i ytste konsekvens er det å setja livet på spel til fordel for nasjonen og dei eg er glad i, men ikkje berre for dei – også for alle slags andre folk som kanskje ikkje eingong forstår eller tenkjer på at eg gjer det, eller som jamvel mislikar at eg gjer det. Det er å setja livet på spel til fordel for liva og rettane til folk som har mobba meg i oppveksten, som har stole frå meg eller snytt meg, folk som snik seg unna, folk med for mykje pengar og for lite moral, folk som misbrukar makt, nynazistar, idiotar og alle som hatar slike som meg.

    Kvifor er det då akkurat eg som skal gjera dette? Det er ein nærliggjande tanke, men han bit seg sjølv i ræva, for kvifor skal einkvan annan, heller enn eg, gjera det? Kva er det som er så spesielt meg meg, som skulle tilseia at eg burde sleppa? I sin tur vert dette til eit spørsmål om kvifor nokon skal måtta gjera dette i det heile, og det er også eit resultat av at det finst folk som lagar problem i verda. Kanskje er det ikkje alltid så enkelt, men stundom er det faktisk det. Kvifor kan slike som Vladimir Putin eksistera? Kven er det som gjer han mogeleg? Han er ein arketypisk tyrann og superkjeltring, som om han vert fødd og halden oppe av menneskeleg frykt.

    På den eine sida er det ikkje pliktteneste i fredstid mykje å klaga over, på den andre sida kjennest det urettvist at noko som fører med seg eit slikt alvor nærmast fungerer som eit lotteri. Min militære karriere er snart over, og eg kjem mest truleg aldri meir til å få skarpe oppdrag, men nett no ser det meir usikkert ut for dei som kjem etterpå.

  • Redsle for alvor

    Stundom kan eg få ei kjensle av at folk synest det inderlege eigentleg er komisk, og at det er pinleg å ta noko heilt på alvor, sjølv verkeleg store og alvorlege spørsmål. Eg anar ei forventing om avvæpnande avstand til nesten kva som helst, slik at det ikkje skal oppstå pinlege situasjonar.

    Ein kan vera redd for å kanskje ta noko altfor alvorleg, at for mykje skal stå på spel, og at ein let ting gå for djupt inn på seg, og at ein verkar sårbar eller skjør, og at dette er negativt.

    Kor alvorleg skal ein eigentleg ta dette med klimaet? Skal ein la vera å ta fly? Det gjorde eg i mange år. Mange vil kanskje synast at det er idiotisk. Det er jo ikkje individet som skal løysa klimaproblemet. Og kva med militærteneste dersom det vert krig, er eg eigentleg villig til å kjempa for staten med livet som innsats? Kvifor er det eg som skal gjera det, medan andre ikkje treng? Ein kan sjølvsagt snu om på det: Kvifor nokon andre heller enn eg? Og kjennest dette spørsmålet meir alvorleg for oss som ikkje trur på evig liv, samanlikna med dei som gjer det?

  • Tempo 2

    No og då treng eg å gå ein veg som eg er meir van med å sykla. Fyrst kjennest det ulideleg langsamt. Sjølv om eg ikkje har det travelt, jagar eg av garde, men det hjelper ikkje. Eg må bestemma meg for å ikkje stressa, så eg slappar av og seinkar farten, aksepterer at det kjem til å ta lenger tid, og dermed er eg meir til stades heller enn å tenkja på det som tid eg misser.

    Eg har lurt på om det er denne typen kjensle som gjer at nokre folk synest det er nærast uuthaldeleg å måtta gå i meir enn ti minutt når dei har eit ærend, men gjerne kan gå ein lang tur i skogen på fritida. Ein tenkjer på det ein skal eller det ein heller vil nytta tida på.

  • Trong til å springa

    For ei tid sidan møtte eg ein nabo som hadde det travelt. Han skunda seg slik at han nesten slo over i løpetakt, men beherska seg. Altså skunda han seg langsamt. Me rakk berre veksla nokre få ord om situasjonen, for han kunne ikkje stoppa.

    Når ein er barn, spring ein heilt ukritisk, av rein iver. Ein let seg riva med. Skal me springa som vaksne vil mange av oss helst gjera det som ein eigen aktivitet med tilhøyrande antrekk, om ein då ikkje berre skal springa nokre meter til bussen. Då er det greitt nok, for alle kan sjå kva som går føre seg; det er ein velkjend situasjon.

    Er ein derimot seint ute til eit møte eller liknande, slik som naboen min, kan det for somme av oss brått vera høg terskel for å springa. Det kan kjennast som om ein bryt ein eller annan sosial kode.

    I løpet av oppveksten sluttar ein å springa heilt ukritisk. Det har å gjera med kjensla av at andre ser det. Eg kan hugsa at eg sjølv frå den alderen då eg hadde slutta å springa av rein iver, og fram til vaksen alder, innimellom kunne kjenna hug til å springa, til dømes dersom eg var ute og gjekk, på veg heim om kvelden.

    Då kunne eg brått kjenna dette, at det liksom kribla i beina. Til slutt kunne eg ikkje stå imot, og kvifor skulle eg det, eigentleg? Det tenkte eg desse gongane. Kvifor skulle eg ikkje berre springa viss eg ville det? Så eg sprang. Men så kom det ein bil, eller så gjekk det einkvan annan langs vegen, og då slutta eg, men kvifor? Kva var eg redd for? At andre folk skulle tru eg var galen? Og kva så, om dei trudde det? Det fekk dei då berre tru. Det vart ikkje sant av den grunn.

    Eg såg det rasjonelle, men likevel hemma denne kjensla meg, i alle fall den gongen. Det var jo det som var den eigentlege galskapen.

  • Livsstadium

    Allereie for mange år sidan, kanskje rundt 30 til 35 års alder ein stad, hadde eg sett mange av dei beste filmane, lese dei beste bøkene og lytta til den beste musikken, altså både det som høyrer til vestleg kanon i kvar kunstform, og andre verk som eg meir subjektivt held høgt.

    Sjølvsagt finst det alltids meir, men ved dette punktet hadde eg sett kor høgt formene kan nå og kva dei kan gi meg, og eg veit at det truleg ikkje finst noko som kjem til å overraska slik det ein gong kunne. Det er lenge sidan eg var umetteleg på nye oppdagingar. Det kan heller verka meir interessant å venda attende til noko eg kjenner frå før.

    Slik eg forstår Kierkegaard burde eg innsjå at vegen vidare er det religiøse livsstadiet. Men eg synest Kierkegaard er keisam, langtekkeleg og overvurdert, sjølv om han er inne på noko som eg kan kjenna meg att i, og det er godt mogeleg eg er på eit slags slikt stadium allereie, sjølv om eg korkje er eller kjem til å verta religiøs. Hjernen min fungerer ikkje slik.

    Eventuelt kunne eg ha teke livet av meg. Men det har eg aldri vurdert, og dermed ikkje tenkt å gjera. Om ikkje andre omsyn hadde stoppa meg fyrst, så ville i alle fall tanken på alle idiotane som skulle leva vidare etterpå, ha gjort det. Nei, då vil eg heller gjera noko.

  • Påminningar

    Originalitet er avvik frå det konvensjonelle, og vanlegvis ikkje særleg slitesterkt. God og varig originalitet er sjeldan.

    Dei fleste vil føretrekka det dei er vane med. Ungar vil ofte høyra dei same historiene om igjen, ubegripeleg mange gonger. Me vaksne òg, men på ein annan måte. Det er sjeldan me les den same boka ti gonger, men kanskje festar me oss ved ein sjanger og les ti variantar av den same historia.

    Nokre går i religiøse samlingshus og høyrer dei same tinga kvar veke. Til grunn for dette ligg ein tanke om at gode ord ikkje kan seiast for ofte. At utan stadige påminningar gløymer me kva som er viktig og misser retninga, gjer dumme ting, nyttar den avgrensa tida vår på dårlege måtar, og så vidare.

    Religiøse ritual kan tena som døme på korleis ein kan ta kontroll over repetisjonane. Ofte kan me ha nytte av påminningar som set tilværet i eit vidare perspektiv. Religiøs eller ikkje, dei fleste opplever dette, men det er nok ikkje like mange som nyttar det aktivt, som stadig går attende til kjelda. Anten det er ein tekst, ein stad eller eit kunstverk, så vil det gjera godt å komma attende dit. Det vil hjelpa med å stryka ut krøllane frå kvardagen.