"Sett i en TIKI diskett og trykk B." Vi såg på kvarandre. -Kva vil den vi skal gjere? spurde kameraten min. Eg la hovudet på skakke og tenkte. -Kanskje me skal komma oss til helvete ut før politiet kjem? –Ta det med ro, sa Bjørnar, me har god tid, og kva om me vert rike? Det gjeld berre å finna ut kva maskinen meiner med "TIKI" og "diskett". -Diskett var noko ein lagra heimelekser, virus og porno på, før internett kom. TIKI er nok ein forkortelse. Kanskje det står for noko som har med ein av dei tre tinga å gjera. Sidan han ber om det, så kan det ikkje vera virus. Då må det anten vera heimelekser eller porno, og kva er det mest pengar i? Porno. Heimelekser var det jo ikkje pengar i. Og det var ikkje så rart – skulane underviser jo ikkje i økonomi. Og sidan skulen ikke hadde lært oss korleis ein vert rik, måtte me ty til EDB-kriminalitet i staden. Rett nok underviser ikkje skulen i det heller, men me gav det no eit uærleg forsøk likevel. Vi prøvde å skrive inn det den ville ha ( ͜.人 ͜.) -Liknar ikkje det på ho Brita i parallellklassen? spurde kameraten min. -Som om du hadde visst det! lo eg. Maskina peip og kom med ei feilmelding: «STFU pervotryne». Vi ga opp. Ironisk nok var det Brita som kom på alt-coin idéen. At «Britcoin» skulle gjere oss søkkrike hadde vi nok eigentleg begrensa tru på, men geopolitikken ville det anleis. Brita hadde BritCoin som innleveringsprosjekt i EDB-faget og nokre av lærarane hadde kjøpt coins "fordi ho hadde gjort seg føre". No var dei milliardærar og eksentriske velgjerarar. Lektor YtsteBø var den einaste som ikkje hadde greidd å halda på formua. I staden for å investera langsiktig, hadde han drege på ein fleire månader lang rangel i Søraust-Asia og kjøpt alt han kom over av lokale musikkinstrument. No sat han der med verdas største samling med nasefløyter og tommelpiano Året etter kom NRK eins ærend for å dekke skulekorpset under den direktesendte 17. mai sendinga deira. Lærarinda ho Hildegunn i Ura brukte den nyvunne rikdomen sin på eit litt anna vis. Lat oss berre seia at NRK ikkje hadde komme til Skutlebygrenda om det ikkje hadde vore for ho Hildegunn. Ho var også rik nok til å sleppa unna korrupsjonstiltale, i motsetnad til folka i statskanalen. Ho Hildegunn vart alltid vald sist i O-fagstimane. Ho var ikkje hevngjerrig, slett ikkje, men no hadde ho fått bygd den flottaste rensedammen i kommunen og det var BERRE ho som fekk gå på ekskursjon . Men så ville sjølvsagt rensedamnemnda i kommunen på synfaring, med ein NIBIO-biolog på slep. -Det er hekketid for hegrene i rensedammen! protesterte ho. -Froskane er slitne etter egglegginga og må ikkje uroast! Eg freistar å lokke til meg bever og salamander og so kjem dokker her og sjauar! Ja ja, no har de uansett øydelagt alt, så ut med språket: Kva i heitaste helsike handlar dette eigentleg om? Og ver kjappe, eg har graut som kokar heime. -Denne store rensedammen.. Dei såg brydd ut. -kommuna har lite areal til næri.. Det høyrdest eit brak. Ei passasjerferje hadde køyrd inn i rensedammen! -Men plutseleg stod det ein næringshage! :-)
Til Kollektiv forteljing-sida. Der kan du ta del i den pågåande historia.