Digital moro

To små spel eg har laga om kreativitet:

Kollektiv forteljing: Her kan ein ta del i samskriving av ein liten tekst utan at nokon ser heilskapen før han er ferdig.

Seks ord: Her skal ein skriva ei seksordsnovelle under tidspress og basert på ein tvungen bokstavsekvens. Ny sekvens kvar dag, og berre eitt forsøk for dagen.

Anna:
Haiku-nytt: Ein robot som samlar inn ferske overskrifter frå norske nettaviser og set dei tilfeldig saman til haikudikt som han publiserer fire gonger om dagen på mikrobloggtenesta Bluesky. Han nyttar overskrifter på ideelt sett 5 eller 7 stavingar, som passar inn i formatet.