• Paleokunst

    Eg har i eit år eller to hatt ein gryande fascinasjon for paleokunst, altså bilete av førhistorisk dyreliv, utrydda artar, menneske og menneskeliknande artar, som bileta til den spanske kunstnaren Mauricio Antón eller amerikanske Jay Matternes.

    Det er ein teknisk sjanger som legg vekt på vitskapsbasert illustrasjon. Bileta kan stundom verka kunstige ved at det er svært mange dyr av ulike slag på eitt og same bilete, men dette er vanleg også i kunsthistoria, til dømes ved at historiemåleri gjerne ynskjer å fortetta mykje inn i eitt og same bilete. Me er gjerne vane med å sjå realistiske naturfotografi, men dette er grunnleggjande ulikt, og kan på eit vis stundom likna hushaldskitsch, som triste bilete av hestar og liknande, men det er meir fokusert på innleving og fantasi enn sentimentalitet.

    Eg interesserer meg for kjensla av å sjå korleis kveldssola kan ha treft ein brachiosaurus for 150 millionar år sidan, eller illusjonen av å få eit slags innsyn i liva til neandertalarane. Dei bileta eg likar best, og gjerne kunne hatt på veggen, er dei som viser noko eg kan leva meg inn i, gjerne eit slettelandskap med ulike landdyr og ein eller annan type menneske, men då artar som ikkje finst i dag. Det kan vel også vera ei form for sentimentalitet overfor det som er borte, men også gjerne eit behov for å røra ved utkanten av det som kan vitast, på grensa til fantasi.

  • Ureieleg retorikk

    Det er lite som irriterer meg meir i valkamp og politisk debatt enn ureieleg retorikk. I staden for sakleg diskusjon, vert det til eit teater med ulike figurar og deira fakter og triks. Menneskeleg, men tragisk.

    Stundom tenkjer eg at det ideelt sett ikkje skulle ha vore personar i politikken, berre saker, prioriteringar og budsjett. Men så er det også slik som i juss, at ein treng eit menneskeleg element for at det ikkje skal gå heilt gale. Ein treng kjensler og engasjement som passar på at det ikkje sklir ut. Sjølvsagt kan det skli ut likevel, og gjerne også på grunn av kjensler og engasjement, som historia har synt, men det er nok vanskeleg å skapa engasjement utan også å sjå ekte engasjement.

    Så er det også slik at retorikk, og særleg ureieleg retorikk kan vera skadeleg, kan bidra til misinformasjon, styrking av farlege fordommar, og kort sagt fordumming, og det er nok eit problem på alle kantar av det politiske spekteret, men det er er særleg dei verste populistane som nyttar dette som eit medvite grep, og kjem med polariserande og overdrivne utsegner, som gjerne eigentleg skal fungera som forkledde angrep på politiske motstandarar. Dei som i hovudsak er einige med den som snakkar, har ein tendens til ikkje å sjå dette, for det råkar liksom ikkje dei sjølve. Dei som ikkje er einige, kan gjerne tenkja at den som snakkar er fullstendig idiot. Det kan sjølvsagt vera tilfellet, men oftare er det nok ein kalkulert metode. Dette utelukkar sjølvsagt ikkje at den som nyttar metoden tilfeldigvis også kan vera idiot.

  • Forteljingar i verdsrommet

    Nokre typar historier har eg alltid vore særleg interessert i, og ein av dei er historier som går føre seg i verdsrommet eller involverer romreiser, både film, bøker og anna, men eg er kresen på ein måte som eg ikkje forstår heilt sjølv. Eg likar slikt som filmen Alien, men eg likar ikkje Star Trek eller Star Wars, det vert for useriøst. Samstundes likar eg rom-forteljingane til Stanislaw Lem, til dømes novellene i samlinga som har tittelen The Star Diaries på engelsk, sjølv om eg synest dei er ujamne.

    Eg likte The Martian, både boka og filmen, men eg likte ikkje filmen Sunshine, som var heilt elendig, og eg syntest Interstellar var skuffande, sjølv om eg ser at den har kvalitetar og eg hatar at eg ikkje likte han, for det er svært interessant dette med relativitet, store spenn i tid og så vidare. Det var berre så mykje triksing med røyk og speglar at filmen kollapsa inn i noko slags poetisk bløffmakeri. Veldig synd. Har sett han to gonger, kjem sikkert til å sjå han igjen.

    Slike historier skal dessutan kjennast som om dei går føre seg i rommet, det skal ikkje berre vera eit ordinært drama med ein ferniss av påklistra «rom-stil». Ein skal kunna leva seg inn i situasjonen. Miljøet skal vera uløyseleg knytt til forteljinga, og når det er det, så kan stilen vera både alvorleg og tullete, det spelar ei mindre rolle.

  • Minne

    Stundom snakkar ein om det å skapa gode minne som ei form for aktivitet i seg sjølv, altså som om det er sjølve minnet aktiviteten resulterer i som er det viktige, og ikkje aktiviteten i seg sjølv.

    Ein hugsar gjerne særleg gode opplevingar, og dermed kan ein også freista å skapa gode opplevingar slik at ein hugsar dei. Tanken er vel at det gir ein meirverdi å tenkja tilbake på noko fint ein har opplevd, gjerne saman med andre, og at minne er noko som knyt oss saman, difor bør me aktivt freista å skapa dei.

    Her ligg det også ein tanke om at det er dumt å ikkje hugsa fine ting ein har opplevt, og at det ein gløymer vert borte for alltid, og då er det som om ein aldri har gjort dei. Nokre folk skriv dagbøker over opplevingane sine. Eg har sjølv freista å gjera dette nokre gonger, men det varer aldri særleg lenge.

    Motargumentet mot dette synet er at augneblinken også har verdi sjølv om ein ikkje hugsar han etterpå. Nokre folk hugsar dårleg. Er det dumt å hygga seg med å lesa ei bok dersom ein seinare ikkje hugsar boka utanåt, eller om ein ikkje hugsar å ha lese ho i det heile?

  • Val og motstand

    Ein dag tok eg eit val om å ikkje eta kjøt meir. Dette var for seksten år sidan, og det var ikkje fullstendig spontant, men utløyst av ein prosess som hadde gått føre seg ei tid, kanskje i fleire år. Eg hugsar at eg tenkte på det då eg gjekk over Vågsallmenningen i Bergen dagen etter, og kjende meg glad, fri og lett i steget. Tenkte på at eg gjorde noko som var rett både for meg og miljøet, og var nøgd med dette. Lett til sinns og glad.

    Det tok ikkje lang tid før valet møtte motstand frå ulike kantar, frå familien og opp til politisk nivå, og det var skuffande. Det kjennest absurd at ein skal møta motstand mot noko som gjer ein glad, men slik er det, og då vert ein mindre glad for det. Eit slikt val er sjølvsagt ikkje noko ein gjer heilt isolert for seg sjølv, det påverkar omgivnadene, og nokre reagerer som om det er meint som provokasjon eller kritikk. Nokre synest å tru at eg er ureflektert og ikkje har tenkt nøye gjennom dette, og så prøver dei å underminera valet mitt ved å presentera ei eller anna innvending som dei sjølve ikkje har tenkt gjennom. Det er liksom ikkje alle som synest det er greitt å ha ulike syn på dette.

    Ein kan jamføra med religion, kjønnsidentitet og andre former for praksis som folk utfører fordi det har noko å seia for lukkekjensla deira, så sant det då ikkje er noko som er skadeleg for andre, sjølvsagt. Ein viss fridom til å ta kontroll over tilværet er naudsynt for eit menneske. Ein er då ikkje eigentleg interessert i å diskutera om det er greitt å eksistera som den ein er, men det er eit krav som mange kan møta, i alle fall om dei er ein minoritet. Slik kan eg stundom også oppleva det å vera noko såpass vanleg som nynorskbrukar eller syklist i trafikken. Nokre synest at du ikkje bør vera der. Nokre synest at alle helst bør vera like, og gjera som dei gjer sjølve.

  • Sykling

    Sykling, samanlikna med å gå eller springa, tilsvarer det padling er samanlikna med symjing. Eg likar også at det ikkje bråkar noko særleg. Tidlegare hadde eg ein sykkel med heilt stillegåande frihjul. Det kunne vera fantastisk om det også elles var stilt der ein sykla.

    Mange er interesserte i motor, og underleg nok også i sjølve motorduren. Det er ikkje det at eg er heilt uinteressert i motordur, men det skal ikkje så mykje til før eg misser interessa, og då er det berre støy.

    Eg likar å sykla i motbakkar. Den disiplinerte, langsame klatringa, å berre vera til stades i augneblinken, ikkje lura på kor langt det er opp eller ned, men berre vera der og stiga langsamt høgare.

    Eg likar å sykla til ein stad eg aldri har vore.

  • To små spel

    Eg har laga to små spel om kreativitet. Det eine heiter Kollektiv forteljing, og handlar om å skriva ei historie på ein måte som er inspirert av cadavre equis-teknikken som vart nytta av surrealistane i si tid. Det vil seia at ein lagar noko saman, og kvar deltakar lagar sin del, men ingen får sjå heilskapen før han er ferdig. I min versjon får ein berre sjå den nyaste linja av ei historie, så kan ein føya til si eiga, og dermed vert det den nyaste linja. Deretter kan nestemann gjera det same. Dette kan gå over mange dagar. Når det finst minst 10 linjer, kan kven som helst avslutta historia slik at heilskapen vert synleg. Ei form for samarbeid med ukjende er essensielt her, og det er fullt mogeleg å sabotera framdrifta ved å vera for knapp.

    Det andre spelet heiter Seks ord, og handlar om å skriva ei seksordsnovelle under tidspress. I tillegg er det bestemt på førehand kva bokstavar orda skal byrja på, og i kva rekkefølge det skal skje. Dette vert gjort ved at det kvar dag kjem ein ny tilfeldig bokstavsekvens som alle deltakarane må følgja. I tillegg har ein berre eitt forsøk den dagen. Etterpå kan ein røysta på den ein likar best av dei andre novellene som er leverte den dagen. Resultatlista kjem dagen etter. I dette spelet er det altså mogeleg å få poeng, sjølv om det ikkje er spesielt høgtideleg, men individuell kreativitet vil altså løna seg målbart her. Eg hadde eigentleg tenkt at ein skulle få minuspoeng dersom ein ikkje røysta, men eg trur at deltakarane ynskjer å røysta uansett, så eg ser korleis det fungerer.