At KI-skapte bilete vert meir vanlege, endrar korleis eg ser på bilete. Eg brukar tid på å lura på om eit bilete er KI-skapt, og granskar det på ein annan måte enn eg ville ha gjort før. Dette er ikkje berre eit problem som sit i hovudet mitt, for eg har blitt slik av å utsetjast for bilete som ikkje heng på greip – bilete der eg prøver å finna ei meining som ikkje er der.
I utgangspunktet ser eg nøye på bilete. Eg har interesse for visuell kunst, har fotografert og redigert mykje bilete og video, og har også litt utdanning på feltet, så eg ser på bilete og tenkjer over kva dei seier, også teikningar, måleri og illustrasjonar. Det finst mange som ikkje er vane med å gjera dette, og har eit mindre medvite forhold til bilete, og det er ikkje sikkert dei opplever den same frustrasjonen med stadige KI-bilete. For desse kan det henda at dei fleste slike bilete glir motstandslaust forbi, saman med andre typar bilete.
I ein visuell kultur med stadig fleire av desse syntetiske elementa, trengst det meir medvit kring bilete og biletbruk, men det kjennest som om utviklinga går den andre vegen, at statusen til biletmedium vert lågare, at bruk av KI kan gjera at mange lærer seg til å ignorera bilete endå meir, ikkje bruka tid på dei, og at også bilete som er laga av menneske som har ein intensjon og noko å formidla med biletet får lågare verdi som følgjer av dette. Det vil seia at me ikkje berre erstattar menneskeleg meining med meiningslaus etterlikning, men også at grunnlaget for å sjå meininga vil forvitra. Bruk av slike bilete er ikkje berre respektlaust overfor mottakaren, det er ei grunnleggjande misforståing av kva kommunikasjon er. Det er å tru på at det finst eit surrogat for kommunikasjon.