Stikkord: dagbok

  • Brått kjenner eg på ei frykt

    Brått kjenner eg på ei frykt for at desse tekstane ved eit reint tilfelle skulle slumpa til å få mange lesarar. Å nei, så pinleg det ville ha vore. Det er det verste, at eg skulle komma til å skriva noko som mange vil lesa, lesa og diskutera, kanskje jamvel gjera narr av. Eg krympar meg.

    Men deretter kjem innsikta om kva for ein latterleg tanke det er. Nesten ingen er interesserte i å lesa slikt som dette, og eg veit jo godt kva slags ting folk eigentleg er interesserte i, så det er ingen fare.

    Men så er det også pinleg å i det heile tatt ha hatt denne frykta.

    Alt er pinleg.

    Det er pinleg å leva.

    Best å ikkje gjera noko som helst.

  • Det private

    Skjønnlitteratur eignar seg til å skriva om dei tinga som ein ikkje kan skriva om direkte. Dagboka kan sjølvsagt ha skjønnlitterær form, men det er ikkje eigenarten til dagboka. Då er det fordi skjønnlitteraturen nyttar seg av sjangeren på grunn av nett den kvaliteten.

    Kva ein kan skriva i dagbokform, kjem an på kva omsyn ein må ta til det private, til andre, og til seg sjølv. I ei dagbok som aldri kjem til å lesast av andre enn den som skriv, vil ein kunna skriva om kva som helst. I ei dagbok som ikkje kjem til å lesast av andre før om hundre år, bør ein gjerne ta nokre omsyn. Ei dagbok som kjem til å lesast av få, treng kanskje færre omsyn enn ei som skal lesast av mange. Ei som kan lesast med ein gong av kven som helst, må ta flest omsyn av alle. Det er ulempa ved denne forma.

    I seinare år har lesarar vore interesserte i fiksjon som ligg tett mot røynda. Ikkje at dette er noko nytt, men det har vore mykje av det. Kritikken mot desse verka er typisk at det er røynd kledd opp som fiksjon for å sleppa unna ansvaret for injurierande verknader. Bøker som har verknader i verda, ved å skapa debatt og kontrovers, har likevel vore høgt vurderte. Viss ein skal gjera suksess som fiksjonsforfattar må ein helst skriva noko som interesserer folk fordi det gir innsikt i røynda på eit eller anna vis, og gjerne i noko privat, noko som gir grunnlag for samtalar om ekte menneske, og ikkje oppdikta figurar.

    Ein skulle tru at dagboka er aktuell av desse grunnane, og til dels kan det nok stemma, men i konkurranse med denne typen fiksjon er ho for oppriktig. Fiksjonen har eit element av spekulasjon kring kva som er dikting og røynd. Dette vil vanlegvis pirra lesaren mykje meir enn eit format der dette er gjeve på førehand.

  • Om å skriva dagbok offentleg

    Det kan nesten verka utdatert, men historisk sett er det ferskt å publisera rett på nett i dagbokformat. Til dels kan det nok likna på visse måtar å skriva i dagsaviser på, og formatet har ved fleire høve vorte redigert og publisert i bokform, sidan tekst trass alt er tekst. Likevel er det fritt og ufritt på andre måtar, som eg kanskje kjem attende til etter kvart.

    Dei fleste dagbøker eg har lese, var ikkje offentlege før dei vart bøker. Nokre gonger har det heile tida vore meininga å offentleggjera tekstane. Andre gonger har det på ingen måte vore meininga, som med dagbøkene til Franz Kafka. Stundom veit ein ikkje, men anar at det har vore i tankane.

    Ikkje at eg har vore ein spesielt ivrig lesar av dagbøker, men eg har lese nokre som er skikkeleg gode, og ein av favorittane hittil er Witold Gombrowicz. Dessutan, om eg skal vera ærleg, så er eg ikkje heilt sikker på kva ei dagbok eigentleg er. Dagbøker kan innehalda nærast kva som helst. Men ein viss kronologi må nok til. Og for min eigen del kan det mellom anna vera ein stad for flyktige tankar.

  • Attende til framtida

    Heilt sidan eg etablerte ei enkel, statisk nettside her, har eg også vurdert behovet for ein kanal å sleppa ut små tekstar i, men eg tenkte at dette med blogging ikkje er noko ein driv med lenger, og det er nok i stor grad sant. Sidan sist eg var borti dette formatet har utviklinga gått via rosabloggar og sosiale medium til dagens påverkarar. Ofte handlar det om å skapa engasjement, byggja ein profil og tena pengar. Ikkje at eg er heilt uinteressert i desse tinga, men det motiverer meg lite. Snarare gjer det meg uroleg. Å skriva dagbok offentleg har eg derimot ikkje noko problem med, så det tenkjer eg å gjera.