Dataspelet Dwarf Fortress kom ut i 2006 og var mellom anna ei viktig inspirasjonskjelde for det meir kjende spelet Minecraft. I 2012 vart det teke inn i samlinga til Museum of Modern Art i New York, og i 2022 kom det i ei utgåve med grafikk.
Den klassiske versjonen, som er gratis, kjem nemleg utan grafikk, eller rettare sagt med ASCII-teikn som grafisk grensesnitt, og desse må ein læra seg å tolka om lag slik ein les noter, berre meir kaotisk. Alternativt kan ein installera ein tredjeparts pakke med grafikk. Denne utgåva har eg aldri spelt, men med ujamne mellomrom høyrt snakk om, utan heilt å sjå appellen.
Spelet har rykte på seg for å vera det mest komplekse som er laga, og har dessutan knotete design og ei utruleg bratt læringskurve, i tillegg til at det er umogeleg å vinna. Likevel er det altså enormt mange som har spelt det i tjue år, og det har vore under utvikling endå lenger. Skaparen, Tarn Adams, ser på spelet som livsverket sitt.
Eg prøvde nyleg grafikk-utgåva, og på eit par kveldar gjennomførte eg ein opplærings-runde, som enda med katastrofe, før eg starta ein ny omgang der eg prøvde å førebu meg på at noko slikt kan skje ein gong til. Spelet er på mange måtar nådelaust, men det forlokkande ved det er den opne (og algoritmegenererte) verda, som er noko eg alltid har sett pris på ved spel, og som er ein eigenart som skil spelmediet frå slikt som film og bøker. Innanfor spelrammene skapar ein si eiga forteljing, og vert ein del av den større historia til den verda ein opererer i.
Spelet er tidkrevjande og tidvis frustrerande. Det er nokre bugs i det, som ingen har hastverk med å retta, og av og til veit eg ikkje om noko er ein bug eller om det skal vera slik, men det er ikkje verre enn at det vanlegvis går an å finna ut av. Mykje handlar om å prøva og feila, særleg dersom ein synest det øydelegg moroa å lesa seg opp på korleis det er best å gjera ting, slik som eg gjerne gjer, men når det er sagt, finst det også ein del heilt banale ting som det er for tidkrevjande å finna ut av sjølv. Eg trur ikkje eg bør tilrå kven som helst å spela dette. Sjølv med grafikkversjonen er det nok også ein fordel å vera typen som toler eit ASCII-basert Rogue-spel.