Ein av mine stamdraumar handlar om å vera i eit frykteleg høgt tårn. Tårnet vert høgare og smalare etter kvart som draumen går framover. Dessutan tek det ofte til å svaia, og det verkar farleg å vera der, men det er visst berre eg som er redd.
Denne draumen kjem eg på når eg les om korleis fleire italienske byar i mellomalderen, som til dømes Bologna, hadde svært mange steintårn, som nærast kunne likna moderne skyskraparar. Desse tårna kan ha vore bustader for eliten, som ville forsvara seg så godt dei kunne, kanskje mot folk som ikkje var like høgt på strå.
Dei som hadde makt og pengar kan altså ha søkt tryggleik i høgda, men det var dyrt og tidkrevjande å byggja slike tårn. Ulike familiar konkurrerte dessutan om å ha det høgaste tårnet, så dei kunne verta urovekkjande høge og smale. Eg ser på meg sjølv som ganske midt på treet når det gjeld høgdeskrekk, men dersom eg skulle kjend meg trygg på å bu i noko slikt, måtte alternativet faktisk ha vore ganske farleg.
I Bologna står framleis det skeive Garisendatårnet, som Dante har skrive om, og som allereie var skeivt den gongen. Det har no vorte så skeivt at det sidan i forfjor har vore sperra av.