Stikkord: historie

  • Falsk fortid

    Me har fotografi og film frå ei tid der ingen av oss har levd, men det er framleis ei nær tid, og når me ser slike opptak, har me lenge kunna stola på at dei er ekte, at dei har dokumenterande verdi. Me har dessutan kanskje kjend folk som har levd i den tida. Dei er ikkje så langt frå den kulturen me lever i. Menneske frå eldre tider enn dette, kan eigentleg berre gjerast levande gjennom tekst, og helst ein dei sjølve har skrive, men tekst er ikkje på same vis analogt til røynda, ikkje påliteleg på same vis.

    I framtida vil ein kunna sjå film og video av menneske som levde for tusen år sidan, etter kvart fleire tusen, men det vert etter kvart meir tydeleg at mykje kan skje med pålitelegskapen. Ein kan missa evna til å skilja mellom kva som er ekte og falskt, ein kan missa den dokumenterande verdien slike opptak har. Det vert for lett å skapa falsk fortid til at ein vågar å stola på den som er ekte.