Stikkord: hjernen

  • Tempo

    Fagfolk synest i stor grad å vera einige om kva slags miljø menneskehjernen treng for å trivast. Men kapitalkreftene bryr seg ikkje om dette. Dei vil ha oss hekta på dumme videoar eller små, virtuelle premiar. Og jo raskare det går, jo meir skit får dei dytta i oss.

    Så er vel meininga at me skal kjenna oss dårlege og kjøpa noko skit for å få det betre, eg veit ikkje. Men eg er overtydd om at hjernen treng ein del tomrom og langsamt tempo for at me skal kjenna oss bra på lengre sikt. At ein treng å gjera noko i eit miljø der ein må handsama omgivnader, gjenstandar eller konkrete utfordringar, fordi det ein gjer med resten av kroppen er med på å forma hjernen.

    Det er lett å tenkja seg at tankane og sjølvet er noko eige, jamfør den eldgamle todelinga mellom kropp og sjel, eller den nyare varianten som i filmen The Matrix, men dersom det nokon gong skulle verta mogeleg å flytta personen frå hjernen og over i ein anna medium, noko som jo stundom skjer i forteljingar, i praksis ein total amputasjon av kroppen, så trur eg det mest av alt vil minna om den gammaldagse varianten av helvete.