Stikkord: kafe

  • Kafe

    Nokre av mine preferansar og interesser heng i hop med at eg i store deler av livet har hatt stram økonomi, slik at eit forbruk som er normalt for andre, gjerne kan kjennast som sløsing for meg, sjølv når eg har pengar til det. Eg er dessutan litt folkesky, og oppvaksen på bygda, så eg har alltid hatt ein mild aversjon mot å gå på kafé.

    Eg finn alltid noko gale med kafear, dei er anten for fulle, for små, for dyre eller mistenkjeleg tomme, eller så har dei vaklevorne møblar. Når eg går forbi ein full kafe og ser folka som sit der inne, synest eg gjerne det ser klamt ut, og er glad for å vera ute. Difor går eg sjeldan på kafe utan at det er for å dekka eit behov som manglar gode alternativ, til dømes dersom eg er sliten, kald og langt heimanfrå.

    Samstundes kan eg misunna folk som har ein stampub eller stamkafe der dei kjenner andre stamgjester, og kan stikka innom når som helst for å prata med folk. Det verkar triveleg, tenkjer eg, men lurer samstundes på korleis dei har råd til å eta og drikka ute nærast dagleg, eller på den andre sida: korleis dei ikkje vert stressa av å berre sitja der utan å eingong ha kjøpt noko den siste halvtimen.