Stikkord: ki

  • KI-skam

    Overraskande mange folk publiserer presumptivt seriøse sakprosatekstar som dei har laga med KI/LLM, til dømes debattinnlegg, artiklar og jamvel heile bøker, som boka Lise vs. Gianni, som Cappelen Damm måtte trekkja frå marknaden fordi ho openbert ikkje var lesen av eit einaste menneske.

    Lat meg seia det klårt: Viss du nyttar KI på denne måten, så er du ein idiot. Du har hoppa over sjølve tenkinga, som er det essensielle, og gått rett på formidlinga, men kva er det du formidlar? Det er akkurat det same som kva som helst idiot hadde fått ut av språkmodellen dersom ho eller han hadde putta inn det du har starta med.

    Mange vil innvenda at dei berre nyttar LLM-teksten som eit utgangspunkt. Det er fleire problem med dette, som kjem an på kva type tekst det er snakk om. Det mest openberre er framleis at du hoppar over det viktigaste (tenkinga), og deretter prøver å ettermontera noko som liknar. Det vil også vera lett å lata seg føra av det som allereie er der, å lura seg sjølv til å formidla noko som ser kurant ut, men ikkje er det.

    Dersom teksten skal verta din eigen, må han redigerast til det punktet at du i praksis har skrive han ein gong til; det er ingen snarveg om du ikkje tek snarvegar. Dersom du skal spara tid eller arbeid, må du lata LLM ta nokre avgjerder for deg, og straks du gjer det, gir du også avkall på integriteten til teksten. Du innrømmer at du spelar terning.

  • KI-bilete og statusen til biletmediet

    At KI-skapte bilete vert meir vanlege, endrar korleis eg ser på bilete. Eg brukar tid på å lura på om eit bilete er KI-skapt, og granskar det på ein annan måte enn eg ville ha gjort før. Dette er ikkje berre eit problem som sit i hovudet mitt, for eg har blitt slik av å utsetjast for bilete som ikkje heng på greip – bilete der eg prøver å finna ei meining som ikkje er der.

    I utgangspunktet ser eg nøye på bilete. Eg har interesse for visuell kunst, har fotografert og redigert mykje bilete og video, og har også litt utdanning på feltet, så eg ser på bilete og tenkjer over kva dei seier, også teikningar, måleri og illustrasjonar. Det finst mange som ikkje er vane med å gjera dette, og har eit mindre medvite forhold til bilete, og det er ikkje sikkert dei opplever den same frustrasjonen med stadige KI-bilete. For desse kan det henda at dei fleste slike bilete glir motstandslaust forbi, saman med andre typar bilete.

    I ein visuell kultur med stadig fleire av desse syntetiske elementa, trengst det meir medvit kring bilete og biletbruk, men det kjennest som om utviklinga går den andre vegen, at statusen til biletmedium vert lågare, at bruk av KI kan gjera at mange lærer seg til å ignorera bilete endå meir, ikkje bruka tid på dei, og at også bilete som er laga av menneske som har ein intensjon og noko å formidla med biletet får lågare verdi som følgjer av dette. Det vil seia at me ikkje berre erstattar menneskeleg meining med meiningslaus etterlikning, men også at grunnlaget for å sjå meininga vil forvitra. Bruk av slike bilete er ikkje berre respektlaust overfor mottakaren, det er ei grunnleggjande misforståing av kva kommunikasjon er. Det er å tru på at det finst eit surrogat for kommunikasjon.

  • Skriving og språkmodellar

    Å skriva på ein måte som ingen KI/LLM kunne ha gjort, er det same som å skriva originalt eller særeige. Eg las ein gong eit intervju, eg trur det var med Roy Jacobsen, der han sa noko slikt som at du ikkje måtte skriva den fyrste tingen som fall deg inn. Men det er nett det språkmodellane gjer. Dei skriv det som verkar mest sannsynleg. Dersom dei ikkje kan gjera dette, vil heilskapen kollapsa til meiningslaust vås. Eller snarare kan ein seia at det vil verta meir tydeleg at heilskapen berre er meiningslaust vås. Difor kan dei ikkje vera originale. Stundom kan dei kanskje skapa absurde samanstillingar, og tilfeldigvis absurde på ein slåande måte, men det er tilfeldig. Dei kan ikkje gjera det på kommando. Og då kan ein like gjerne skriva sjølv.

  • Folk har byrja å komma attende frå dei døde

    I ei amerikansk rettssak har familien til ein mann som vart drepen nytta kunstig intelligens til å laga ein video der avdøde mellom anna tilgir gjerningsmannen, bortsett frå at det som vert sagt sjølvsagt ikkje kjem frå mannen sjølv, men frå dei pårørande.

    Dette hadde vore sjokkerande nok i seg sjølv, men i ei rettssak er det heilt ubegripeleg. Dommaren skal jamvel ha takka for dette bidraget. Eg kan nesten ikkje tru anna enn at det må vera noko journalistane har misforstått her, men det ser altså ikkje slik ut.

    Dei pårørande legg ord i munnen på den døde og klistrar dette på ein deepfake-versjon. Dette har eg lenge tenkt at kom til å skje, men eg hadde sett føre meg at det kom til å verta i form av digitale modellar folk kunne ha på mobilen og snakka med, noko som for så vidt også kan verka litt makabert, og fortener ein separat analyse, men det er i det minste ei privatsak.

    Om eg skal leggja velviljen til, så kan eg på eit vis forstå at folk som manglar fantasi og innlevingsevne kan kjenna på eit behov for dette, og om det ikkje er gjort allereie, så er det nok berre eit tidsspørsmål før nokon gjer det til stor forretning.

  • Slør og avskyggingar

    Om ein «restaurerer» eit gammalt fotografi med KI, slik somme gjer for tida, har ein introdusert eit ledd som gjer at det kan eksistera hallusinasjonar, små irrasjonelle avvik og feil. Det ein ser har teke eit steg nærmare fiksjonen. På nettet kan spreiinga av slikt fort gå ut over tilliten til historiske fotografi, at ein ikkje ser på dei med det same alvoret, eller den same innlevinga.

    Kanskje vil nokre synast at gammaldags digital eller analog biletmanipulasjon er nett det same, eller såkalla deepfakes, men der ser ein ikkje den same ukritiske bruken. Det finst gjerne ein tydeleg agenda eller intensjon, sidan det er ein viss kostnad ved å produsera slikt.

    KI-fargelegging og pynting av gamle svart/kvit-fotografi er kanskje fascinerande for somme. Det kan i ein augneblink kjennast som om ein gjer historia meir levande, men i realiteten er det å fjerna seg frå historia, mot ei innleving i noko som er meir oppdikta.

  • Innvendingar mot KI

    Eg testa KI-chatbotane grundig då dei kom for nokre år sidan, og i løpet av nokre dagar hadde eg funne ut det meste av kva dei kunne og ikkje kunne. Etter det har eg knapt nytta dei, og i alle fall ikkje til noko som var særleg nyttig eller viktig.

    Stundom snakkar eg med folk som nyttar KI-chatbotar til alt mogeleg, og som jamvel betalar månadsabonnement for å nytta det privat. Inntrykket mitt er at dette vert drive fram av ein altfor ukritisk og sjølvsentrert teknologioptimisme. Det same kan ein sjå når det offentlege har som uttalt mål at 80% av offentlege verksemder skal «ta i bruk KI», kva enn det tyder – det er det ingen som veit, ein vil berre ikkje hamna bakpå.

    Folk nyttar det til å skriva saksdokument til foreiningar og lag, skriva e-postar, samandrag, planar og framlegg. Noko av det raraste eg høyrer er når folk puttar inn ei setning om det dei vil få fram, og resultatet vert fleire avsnitt med overflødig tekst, som så vert nytta. Ein kan sjølvsagt også nytta ein slik chatbot til å stramma inn ein tekst, men det verkar som om trenden går andre vegen, og at me vert utsette for stadig meir av denne syntetiske og hallusinerande fyllteksten, jamvel i avisartiklar har eg sett slike hallusinasjonar. Dersom ein kjem med innvendingar mot at det er for mykje sprøyt, vil sjølverklærte ekspertar gjerne kontra med at det er viktig å læra seg å skriva riktig «prompt», noko som tyder på ei misforståing av korleis dette fungerer, sjølv om det å jobba med dette i praksis gjerne gjer at ein oppfattar resultatet som betre, anten dette kjem av persepsjon, seleksjon eller ein kombinasjon av faktorar.

    Heile greia kjennest uansett som eit perfekt døme på å skapa eit kunstig behov. Etter ei stund kjem me til å gløyma kor kunstig det er, og så vert det eit faktisk behov fordi nesten ingen er i stand til å lesa eller skriva lenger.

  • Skjønnlitteratur med kunstig intelligens?

    Nokre meiner at generativ kunstig intelligens eignar seg til å skapa skjønnlitteratur. OpenAI har jamvel nett lansert ein språkmodell som skal eigna seg til dette, endå ein språkmodell manglar intensjon, og dermed aldri kan produsera noko anna enn eit meiningstomt skal av noko som liknar på ei historie. Det er likevel kanskje nok til å lura nokre investorar.

    Sidan dagens språkmodellar må gjetta kva ord som mest sannsynleg høver i ein bestemt samanheng, vil dei vera ute av stand til å ta val som faktisk er kreative. Dersom ein skulle introdusera eit element av kreativitet (mindre sannsynlege val), vil dette øydeleggja det som er styrken til modellen, nemleg at ting ved fyrste augekast stort sett ser ut til å henga i hop. «Kreative» val vil resultera i kaos, nettopp grunna mangelen på overordna intensjon. For å «løysa» dette treng ein noko heilt anna enn berre ein språkmodell.

    Eit anna spørsmål er kva som finst av vilje til å lesa slikt, ut over kuriositetsverdien. Det går sjølvsagt an å skapa historier som er personleg tilpassa deg som individ, om du har spesielle ynskje om noko som ikkje finst, men desse vil også ha dei same veikskapane som alle andre KI-historier, som heile tida saboterer seg sjølve gjennom å henga fast i konvensjonar, og dermed berre skapar handling som er meiningslaus. Likevel er det dei same konvensjonane som får det til å likna på historier, så det som er sjølve styrken er også det same som gjer at det ikkje fungerer.