Stikkord: kreativitet

  • To små spel

    Eg har laga to små spel om kreativitet. Det eine heiter Kollektiv forteljing, og handlar om å skriva ei historie på ein måte som er inspirert av cadavre equis-teknikken som vart nytta av surrealistane i si tid. Det vil seia at ein lagar noko saman, og kvar deltakar lagar sin del, men ingen får sjå heilskapen før han er ferdig. I min versjon får ein berre sjå den nyaste linja av ei historie, så kan ein føya til si eiga, og dermed vert det den nyaste linja. Deretter kan nestemann gjera det same. Dette kan gå over mange dagar. Når det finst minst 10 linjer, kan kven som helst avslutta historia slik at heilskapen vert synleg. Ei form for samarbeid med ukjende er essensielt her, og det er fullt mogeleg å sabotera framdrifta ved å vera for knapp.

    Det andre spelet heiter Seks ord, og handlar om å skriva ei seksordsnovelle under tidspress. I tillegg er det bestemt på førehand kva bokstavar orda skal byrja på, og i kva rekkefølge det skal skje. Dette vert gjort ved at det kvar dag kjem ein ny tilfeldig bokstavsekvens som alle deltakarane må følgja. I tillegg har ein berre eitt forsøk den dagen. Etterpå kan ein røysta på den ein likar best av dei andre novellene som er leverte den dagen. Resultatlista kjem dagen etter. I dette spelet er det altså mogeleg å få poeng, sjølv om det ikkje er spesielt høgtideleg, men individuell kreativitet vil altså løna seg målbart her. Eg hadde eigentleg tenkt at ein skulle få minuspoeng dersom ein ikkje røysta, men eg trur at deltakarane ynskjer å røysta uansett, så eg ser korleis det fungerer.

  • Skjønnlitteratur med kunstig intelligens?

    Nokre meiner at generativ kunstig intelligens eignar seg til å skapa skjønnlitteratur. OpenAI har jamvel nett lansert ein språkmodell som skal eigna seg til dette, endå ein språkmodell manglar intensjon, og dermed aldri kan produsera noko anna enn eit meiningstomt skal av noko som liknar på ei historie. Det er likevel kanskje nok til å lura nokre investorar.

    Sidan dagens språkmodellar må gjetta kva ord som mest sannsynleg høver i ein bestemt samanheng, vil dei vera ute av stand til å ta val som faktisk er kreative. Dersom ein skulle introdusera eit element av kreativitet (mindre sannsynlege val), vil dette øydeleggja det som er styrken til modellen, nemleg at ting ved fyrste augekast stort sett ser ut til å henga i hop. «Kreative» val vil resultera i kaos, nettopp grunna mangelen på overordna intensjon. For å «løysa» dette treng ein noko heilt anna enn berre ein språkmodell.

    Eit anna spørsmål er kva som finst av vilje til å lesa slikt, ut over kuriositetsverdien. Det går sjølvsagt an å skapa historier som er personleg tilpassa deg som individ, om du har spesielle ynskje om noko som ikkje finst, men desse vil også ha dei same veikskapane som alle andre KI-historier, som heile tida saboterer seg sjølve gjennom å henga fast i konvensjonar, og dermed berre skapar handling som er meiningslaus. Likevel er det dei same konvensjonane som får det til å likna på historier, så det som er sjølve styrken er også det same som gjer at det ikkje fungerer.

  • Ide borte

    Eg var ute og sprang då eg kom på ein god ide, men då eg kom heim var han borte. Det var sikkert ein fantastisk ide. Eg skulle ha skrive han ned, men han var så god at eg rekna med eg kom til å hugsa han.

    Eg sette meg straks på benken utanfor heime og tenkte etter for å sjå om eg kom på ideen. Eg såg føre meg om lag kor eg hadde vore då eg fyrst kom på han, og tenkte på kjensla av å få ideen, men han var framleis borte.

    Ja ja, tenkte eg. Dersom det var ein så fantastisk idé som eg trudde, så kom eg sikkert til å få han på nytt ein annan gong. Og dersom ikkje det skjedde, så kom eg sikkert til å få ein annan idé som var minst like god, eller betre. Og dessutan er det ikkje sikkert at det eigentleg var nokon god idé likevel. Kanskje hadde eg berre feilaktig trudd at det var ein god ide, men så ville han uansett seinare ha synt seg å vera dårleg. Då ville eg berre ha kasta vekk ein masse tid på å hugsa ein dårleg idé.