Stikkord: kunst

  • Paleokunst

    Eg har i eit år eller to hatt ein gryande fascinasjon for paleokunst, altså bilete av førhistorisk dyreliv, utrydda artar, menneske og menneskeliknande artar, som bileta til den spanske kunstnaren Mauricio Antón eller amerikanske Jay Matternes.

    Det er ein teknisk sjanger som legg vekt på vitskapsbasert illustrasjon. Bileta kan stundom verka kunstige ved at det er svært mange dyr av ulike slag på eitt og same bilete, men dette er vanleg også i kunsthistoria, til dømes ved at historiemåleri gjerne ynskjer å fortetta mykje inn i eitt og same bilete. Me er gjerne vane med å sjå realistiske naturfotografi, men dette er grunnleggjande ulikt, og kan på eit vis stundom likna hushaldskitsch, som triste bilete av hestar og liknande, men det er meir fokusert på innleving og fantasi enn sentimentalitet.

    Eg interesserer meg for kjensla av å sjå korleis kveldssola kan ha treft ein brachiosaurus for 150 millionar år sidan, eller illusjonen av å få eit slags innsyn i liva til neandertalarane. Dei bileta eg likar best, og gjerne kunne hatt på veggen, er dei som viser noko eg kan leva meg inn i, gjerne eit slettelandskap med ulike landdyr og ein eller annan type menneske, men då artar som ikkje finst i dag. Det kan vel også vera ei form for sentimentalitet overfor det som er borte, men også gjerne eit behov for å røra ved utkanten av det som kan vitast, på grensa til fantasi.

  • Talet på menneske

    W. Gombrowicz skriv ein stad i fyrste bandet av Dagboken om korleis det enorme og stadig aukande talet på menneske som lever og har levd i verda påverkar kulturen og, slik eg tolkar det, hans eiga kjensle av rolla som kunstnar, og rett og slett kor mange utøvande aktørar av eit visst kaliber som det er plass til i ein og same generasjon.

    Globalisering gir dessutan større rekkevidd til mange typar kunst, slik at den gode kunsten som vert laga må konkurrera om merksemd med ei aukande mengd verk i fleire uttrykksformer, og med kortare aktualitetshorisont.

    Motsett kan ein tenkja at uttrykk som rettar seg mot eit større, globalt nedslagsfelt vert mindre særeigne enn dei som er meir regionalt orienterte. Det regionale kan likevel synast å tynnast ut når folk frå ulike verdsdelar tek til å likna kvarandre fordi dei har sett dei same filmane og lese dei same bøkene, eller høyrer til dei same subkulturane. Den allmenne danninga som ein region identifiserer seg med vil då verta nedprioritert til fordel for den globale fellesskapen som kvar einskild finn seg.

  • Livsstadium

    Allereie for mange år sidan, kanskje rundt 30 til 35 års alder ein stad, hadde eg sett mange av dei beste filmane, lese dei beste bøkene og lytta til den beste musikken, altså både det som høyrer til vestleg kanon i kvar kunstform, og andre verk som eg meir subjektivt held høgt.

    Sjølvsagt finst det alltids meir, men ved dette punktet hadde eg sett kor høgt formene kan nå og kva dei kan gi meg, og eg veit at det truleg ikkje finst noko som kjem til å overraska slik det ein gong kunne. Det er lenge sidan eg var umetteleg på nye oppdagingar. Det kan heller verka meir interessant å venda attende til noko eg kjenner frå før.

    Slik eg forstår Kierkegaard burde eg innsjå at vegen vidare er det religiøse livsstadiet. Men eg synest Kierkegaard er keisam, langtekkeleg og overvurdert, sjølv om han er inne på noko som eg kan kjenna meg att i, og det er godt mogeleg eg er på eit slags slikt stadium allereie, sjølv om eg korkje er eller kjem til å verta religiøs. Hjernen min fungerer ikkje slik.

    Eventuelt kunne eg ha teke livet av meg. Men det har eg aldri vurdert, og dermed ikkje tenkt å gjera. Om ikkje andre omsyn hadde stoppa meg fyrst, så ville i alle fall tanken på alle idiotane som skulle leva vidare etterpå, ha gjort det. Nei, då vil eg heller gjera noko.