Stikkord: lesing

  • Innvendingar

    Stundom kan eg skriva ein tekst der eg påstår noko og deretter skriv om nærliggjande innvendingar. Men av og til vil eg heller lata lesaren finna dei sjølv. Dersom teksten alltid skal ta høgd for tenkjelege innvendingar, så kan det verka som om han berre gjer det fordi forfattaren er så forfengeleg at han ikkje greier å lata vera å syna lesaren at han faktisk allereie har tenkt på dette poenget.

    Dessutan skapar ein slik tekst i mindre grad ein indre dialog i lesaren, og påpeikinga av innvendingar kan gjera at teksten misser trykk. Nokre påstandar kan med overlegg vera overdrivne, spissformulerte, laga for å provosera fram ein kontrasterande tanke hjå lesaren, altså indirekte alvorleg meint. I slike tilfelle vil det sjølvsagt vera kontraproduktivt å peika på innvendingar.

    Når ein står fritt, bør ein leggja frå seg konvensjonar frå sjangrar som har forpliktingar overfor ein bestemt agenda eller redaksjon. Også som lesar, for om lesaren tek med seg slike lesevaner, kan det lugga. Kanskje må ein leggja litt velvilje i å lesa seg inn i sjangeren, men det tek gjerne kortare tid enn ein trur.

  • Godt dårleg og dårleg godt

    Gjennom ulike stadium i eit lesande liv, har eg i seinare år fått meir sans for dårlege bøker. Ikkje kva som helst slags dårlege bøker, då, men visse typar dårlege bøker. Karin Moe skriv ein stad, eg trur det er i Skrifter (2012), om skilnaden på «good bad book» og «bad good book». Litt forenkla sagt er det fyrste eit døme på vellukka, men kunstnarleg lite ambisiøs underhaldningslitteratur, medan det andre er kunstnarleg ambisiøst, men litterært sett mindre vellukka. Det landar i kategorien for spesielt interesserte.

    Ein sjeldan gong er bøker både kunstnarleg ambisiøse og litterært vellukka. Som lesar kan ein gjerne ha ein ide om at ein ideelt sett berre skal lesa slike bøker, men det kan vera krevjande når ein når ein må ta høgd for varierande kvardagssituasjon og tilgjengeleg mental energi. Innimellom er det greitt å ta noko enkelt.

    «Folk flest vil berre ha ei historie til å ta med seg på flyturen», skriv Stephen King i On Writing. Eg kan ikkje gå heilt med på tanken om at ei historie berre er ei historie, men stundom treffer eg på historier som er skrivne på det viset. Eit av kjenneteikna er at dei inneheld lausrivne handlingstrådar som ikkje har nokon annan funksjon enn å halda på merksemda. Når eg støyter på slikt, kjenner eg at eg kastar vekk tida. Slapp og klisjéfylt prosa er i det minste ei ærleg sak. Då kan eg berre slutta å lesa etter fyrste side.