Stikkord: lukt

  • To lukter

    Det er eit par lukter som eg innimellom kjem over som referanse, og som eg kanskje anar kva luktar, men som eg isolert sett ikkje heilt har taket på: nemleg jod og ozon.

    Det er nok vanskeleg å skildra visse lukter, for referansane folk nyttar er også diffuse. Det er vanleg å skildra jodlukt som «medisinsk» eller noko som har med sjø å gjera, men også klor, men dette er ikkje nyttig viss ein ikkje allereie har kjend jodlukt og kan assosiera til denne. Kva luktar medisin? Kan vera kva som helst. Tidlegare var det kanskje meir vanleg å ha erfaring med bruk av jodløysing på sår, men det har til dømes ikkje eg vore borti.

    Når det gjeld ozon, så er det vanleg å nemna ting som printarar, elektronikk og lynnedslag, men også nellik eller høy. Dette er kompliserte luktbilete, der ein bør kjenna lukta frå før. Eg mistenkjer også at det ofte luktar ozon på t-banestasjonar. Denne luktreferansen synest av ein eller annan grunn å vera mest vanleg i engelskspråkleg litteratur.

    Underleg nok vert både jod og ozon samanlikna med lukta av klor, men klorlukt er karakteristisk, så eg har vanskar med å peika på kva desse to ulike luktene eigentleg skal ha til felles med klor, og dette kjem visst også an på konsentrasjonen.