Der eg voks opp hadde me bekkar, og kanskje nokre små elver, men ikkje den typen elv som snor seg gjennom landskapet. Det er for kort veg mellom fjellet og sjøen til at slike elver kan finnast. Dei har difor alltid verka eksotiske for meg. Lange årer av vatn som flyttar seg, stundom så stilt og langsamt at du ikkje kan sjå det.
Men vert dei for store, liknar dei fjordar, som eg er van med. Då er dei ikkje like interessante. Og vert dei for små og grunne, liknar dei bekkane og dei små elvene som eg er van med. Nei, det må vera ein stad midt mellom. Ei skikkeleg elv skal det ikkje gå an å vassa over. Men det må helst gå an å ropa til nokon på hi sida. Då misser ein ikkje oversikta.