Dei mest skrullete folka på ytre høgre er ofte dei som er mest opptekne av KI, og då spesielt generativ KI. Generelt sett er det ei politisk slagside mot høgre blant KI-entusiastar. I tillegg verkar det som om mange politikarar er i overkant entusiastiske, uansett politisk ståstad, til dømes digitaliseringsminister Karianne Tung (AP), som hadde det bisarre målet om at 80% av offentleg sektor skulle «ta i bruk KI» innan 2025. Kvifor ein skal tvangsfora offentleg sektor med internasjonale tek-gigantar som skapar fleire problem enn dei løyser, har eg ikkje sett noko rasjonelt svar på, anna enn at det har med makt og pengar å gjera. Ein kunne fint heller ha argumentert for å forby ukritisk KI-bruk i staten, slik at me til dømes ikkje gir fascistiske tek-gigantar unødvendig innsyn i sensitive data, men dette er vel ikkje ei politisk vinnarsak.
Stikkord: politikk
-
Tyrann
Kunne eg ha vorte ein tyrann? Dersom eg hadde makt lik Vladimir Putin eller ein annan diktator, kunne eg ha gjort same slags ting? Det er ein glidande overgang frå det punktet der ein byrjar å misbruka makt til når det byrjar å verta for seint å angra. Ein vert paranoid, fryktar for livet sitt, kjenner at det er livsviktig å undertrykka fiendar, å triumfera på eit eller anna vis, men for kva?
Med eitt er ein ein gammal mann, fanga i ei rolle som ein ikkje kan gå ut av. Ein har sendt fleire hundre tusen landsmenn og naboar i døden, øydelagd diplomatiske relasjonar for all overskodeleg framtid og gjort seg til hatobjekt for den siviliserte verda. Men for kva? Ein tåpeleg draum, eit forfengeleg sjølvbilete.
Sender du mange nok i døden, vert du ein stor mann i historia. Korleis forstår me at Aleksander den store og Napoleon – to elles lærde og kloke menn – kunne forårsaka så mykje død og liding over private, tåpelege maktambisjonar? Og kor stor del av historia er forma av einskildmenneske med manglande bakkekontakt, med grandiose personlegdomsforstyrringar – folk som nærast er narra til å tru at dei er betre og viktigare enn alle andre?
Å styra eit heilt land som diktator, å ha så mange lagnader i hendene, ville ha tært på samvitet, gjort meg nomen. Ein kan ikkje gjera alle til lags. Ein tek til å forakta dei som aldri er nøgde. Og kva om ein gir frå seg makta, kva om det skal haldast val, kven vil då vinna fram? Einkvan vil sjå sitt snitt til å kuppa makta, heilt sikkert. Nei, det kan ein heller ikkje lata skje. Ein kan ikkje lata grupper væpna seg, ein må halda på kontrollen.
-
Ureieleg retorikk
Det er lite som irriterer meg meir i valkamp og politisk debatt enn ureieleg retorikk. I staden for sakleg diskusjon, vert det til eit teater med ulike figurar og deira fakter og triks. Menneskeleg, men tragisk.
Stundom tenkjer eg at det ideelt sett ikkje skulle ha vore personar i politikken, berre saker, prioriteringar og budsjett. Men så er det også slik som i juss, at ein treng eit menneskeleg element for at det ikkje skal gå heilt gale. Ein treng kjensler og engasjement som passar på at det ikkje sklir ut. Sjølvsagt kan det skli ut likevel, og gjerne også på grunn av kjensler og engasjement, som historia har synt, men det er nok vanskeleg å skapa engasjement utan også å sjå ekte engasjement.
Så er det også slik at retorikk, og særleg ureieleg retorikk kan vera skadeleg, kan bidra til misinformasjon, styrking av farlege fordommar, og kort sagt fordumming, og det er nok eit problem på alle kantar av det politiske spekteret, men det er er særleg dei verste populistane som nyttar dette som eit medvite grep, og kjem med polariserande og overdrivne utsegner, som gjerne eigentleg skal fungera som forkledde angrep på politiske motstandarar. Dei som i hovudsak er einige med den som snakkar, har ein tendens til ikkje å sjå dette, for det råkar liksom ikkje dei sjølve. Dei som ikkje er einige, kan gjerne tenkja at den som snakkar er fullstendig idiot. Det kan sjølvsagt vera tilfellet, men oftare er det nok ein kalkulert metode. Dette utelukkar sjølvsagt ikkje at den som nyttar metoden tilfeldigvis også kan vera idiot.