Å skriva ein roman for meg, når det verkeleg tek til å funka, er som å spela på eit instrument eg lagar sjølv. Ei form for gehør kjem inn, eg lyttar meg framover, ikkje berre etter ordlyd og setningsrytme, men etter andre større og mindre strukturar i teksten, tone, stemning, balanse, ikkje alltid dei same ved kvar gjennomskriving. Til slutt er det som om fleire ulike hjernar har arbeidd med dei same orda.