Stikkord: springing

  • Å springa eller ikkje springa

    Eg kjenner eit visst tvisyn kring det å springa. I vaksen alder har eg byrja med det ved eit par høve, for å halda meg i form, men gjeve det opp til fordel for sykling, for det meste i terreng og på grusveg. Av ein eller annan grunn likar eg å sykla i lange oppoverbakkar, og det gjorde eg mykje då eg budde i Bergen, men om vinteren er det verre med slik sykling, ikkje minst her i Oslo, der vinteren er lengre og kaldare. Folk går heller på ski. Det er greitt nok, men den klønete transportetappen frå indre by til skiløypene stoppar meg. Difor vert det gjerne springing.

    Eg har likevel sett på dei som spring omkring inne i byen som ein annan sort folk som eg ikkje har føresetnader for å forstå. Dei lever i ei verd der det å springa i kvardagsklede fordi ein skal ein stad er underleg, medan å springa i spesielle klede utan å skulla nokon stad er normalt. Ingen menn går i tights som kvardagsklede, men straks ein skal springa, er ikkje dette plagget noko å skjemmast over. Desse kodane har gjerne framstått som vilkårlege for meg, men sjølvsagt finst det grunnar til at dei er slik. Det veit eg jo også fordi eg lenge har vore ein av dei, sjølv om eg rett nok ikkje nyttar tights.

    Ein av tinga eg pla lura på var kvifor springarane alltid sprang så seint. Det måtte då vera meir effektivt å springa fort og bli ferdig med det. Ein av styrkane til springing som treningsform er trass alt at det gir god verknad på kort tid. Det hadde eg nok også rett i på eit vis, men grunnane til at folk spring mykje langsamt er samansette, og heng saman med kondisjonering, skaderisiko og motivasjon. Dessutan spring ein gjerne langsamt svært lenge, og fort svært kort, ofte på bane, slik at ein stort sett berre observerer folk i byen når dei spring langsamt.

    Eg tenkte dessutan at det måtte vera moro å springa fort og keisamt å springa langsamt, men dersom ein skal tyna seg nok til å få skikkeleg effekt, er det også svært ubehageleg å springa fort, noko eg i grunnen burde ha hugsa frå då eg sprang stafettar som barn og alltid kjende meg forferdeleg på grunn av nervøsitet og utmatting. Eg kunne vera så nervøs at eg vart kvalm av det allereie før eg starta. I dag kjennest det underleg, men det er også lenga sidan eg tok slike konkurransar på alvor.

    Vidare har eg funne ut at når ein fyrst har byrja å springa jamleg, så er ein nesten nøydd til å halda fram, elles kjem ein til å missa noko som det er tungt og tidkrevjande å byggja opp att. Slik kjennest det ikkje med sykling. Der treng eg berre nokre få turar, og så er eg attende der eg slapp.

  • Trong til å springa

    For ei tid sidan møtte eg ein nabo som hadde det travelt. Han skunda seg slik at han nesten slo over i løpetakt, men beherska seg. Altså skunda han seg langsamt. Me rakk berre veksla nokre få ord om situasjonen, for han kunne ikkje stoppa.

    Når ein er barn, spring ein heilt ukritisk, av rein iver. Ein let seg riva med. Skal me springa som vaksne vil mange av oss helst gjera det som ein eigen aktivitet med tilhøyrande antrekk, om ein då ikkje berre skal springa nokre meter til bussen. Då er det greitt nok, for alle kan sjå kva som går føre seg; det er ein velkjend situasjon.

    Er ein derimot seint ute til eit møte eller liknande, slik som naboen min, kan det for somme av oss brått vera høg terskel for å springa. Det kan kjennast som om ein bryt ein eller annan sosial kode.

    I løpet av oppveksten sluttar ein å springa heilt ukritisk. Det har å gjera med kjensla av at andre ser det. Eg kan hugsa at eg sjølv frå den alderen då eg hadde slutta å springa av rein iver, og fram til vaksen alder, innimellom kunne kjenna hug til å springa, til dømes dersom eg var ute og gjekk, på veg heim om kvelden.

    Då kunne eg brått kjenna dette, at det liksom kribla i beina. Til slutt kunne eg ikkje stå imot, og kvifor skulle eg det, eigentleg? Det tenkte eg desse gongane. Kvifor skulle eg ikkje berre springa viss eg ville det? Så eg sprang. Men så kom det ein bil, eller så gjekk det einkvan annan langs vegen, og då slutta eg, men kvifor? Kva var eg redd for? At andre folk skulle tru eg var galen? Og kva så, om dei trudde det? Det fekk dei då berre tru. Det vart ikkje sant av den grunn.

    Eg såg det rasjonelle, men likevel hemma denne kjensla meg, i alle fall den gongen. Det var jo det som var den eigentlege galskapen.

  • Å springa og tenkja

    Eg tenkjer betre når eg går enn når eg sit i ro. Når ein går, har ein tid til å sjå seg om og tenkja. Likevel, for treninga si skuld, spring eg gjerne heller enn å gå.

    Å springa er meir som å sykla, det går for fort og det er for mykje å ta stilling til. Rommet for å tenkja på andre ting vert innskrenka. Dette er greitt når ein syklar i terrenget, som eg gjorde meir av før. Då er det heile tida små utfordringar å takla, og ein er heilt til stades i desse, kan ikkje tenkja. Men det har også ein slags reinskande verknad, kjenner eg. Det vert lettare å konsentrera seg etterpå. Sykling og springing i bytrafikk fører derimot med seg eit rotete og utriveleg stress. Ein vert meir oppteken av å verta ferdig med det.

    Då eg fyrst tok til å springa jamleg, likte eg å springa ulike stader kvar gong for å verta betre kjend i område der eg vanlegvis ikkje hadde noko å gjera. Det var ein del av motivasjonen, men etter eit år eller så, hadde eg sprunge alle stader innanfor rimeleg avstand, og visste kva stader eg likte og ikkje likte.

    Springinga vart i mindre grad prega av nye inntrykk, og meir av ein slags fristad der eg la frå meg alt anna og var til stades i augneblinken. Eg tok til å setja pris på oversiktlege rundar der eg kunne springa mest mogeleg uforstyrra og fri frå trafikk og ubehagelege overraskingar. Denne overgangen frå turoppleving til rutine skapte etter kvart også rom for at kreative idear kunne komma av seg sjølve, altså det stabile underlaget som trengst.

    No er det mest berre slike rundar eg spring, og toleransen dor lange og kronglete transportetappar har gått ned. Eg vil helst berre komma i gang fort og vera i flyten lenge.