Stikkord: tid

  • Tid

    Mekaniske klokker er meir unøyaktige enn moderne klokker. Dette er grunnen til at me frå gammalt av seier halv, kvart over, fem på og så vidare, i staden for til dømes nitten trettisju, slik ein seier det i kringkastinga.

    Klokkeentusiastar bryr seg lite om presisjonen sjølve tidsmålinga. For dei er det å smykka seg med finmekanisk handverk det sentrale. Ei omtrentleg tid er godt nok. Er det kanskje jamvel litt bra å ha ei unøyaktig klokke? Nokre folk er kanskje av typen som vert stressa av dette, men det kan vel også tenkjast at ein får eit meir avslappa forhold til tida når det ikkje heile tida skal vera på sekundet presist. Ein signaliserer at det er verda som må venta, og ikkje ein sjølv.

  • Dumt når me er døde

    Korleis bør me prioritera tida vår? Kva bør me gjera, og kva bør me lata vera? Ei enkel prøve me kan nytta er å spørja oss sjølve om det me driv med nett no vil sjå utruleg dumt ut når me er døde.

  • Tempo 2

    No og då treng eg å gå ein veg som eg er meir van med å sykla. Fyrst kjennest det ulideleg langsamt. Sjølv om eg ikkje har det travelt, jagar eg av garde, men det hjelper ikkje. Eg må bestemma meg for å ikkje stressa, så eg slappar av og seinkar farten, aksepterer at det kjem til å ta lenger tid, og dermed er eg meir til stades heller enn å tenkja på det som tid eg misser.

    Eg har lurt på om det er denne typen kjensle som gjer at nokre folk synest det er nærast uuthaldeleg å måtta gå i meir enn ti minutt når dei har eit ærend, men gjerne kan gå ein lang tur i skogen på fritida. Ein tenkjer på det ein skal eller det ein heller vil nytta tida på.